Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny språklov på høyring

 (05.09.2019)


Fredag 23. august kom regjeringa sitt framlegg til ei heilt ny språklov på høyring. Den nye lova tar opp i seg den gamle mållova, men femnar breiare enn den gamle lova. Under finn du kva som er nytt med den nye lova, og kva som er bra og kva som er mindre bra. 

Føremål:
Den nye lova har fått eit offensivt føremål:

§ 1 Føremål
Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for.

Offentlege organ har eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Dette omfattar eit ansvar for å fremje det minst brukte skriftspråket.

Det nye føremålet slår klårt fast at offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje og styrkje nynorsk særskild. Forslaget slår også fast at det er eit offentleg ansvar å bruke, verne og fremje dei ulike språka som Noreg har ansvar for. Etter forslaget er det ein del av føremålet med lova at det offentlege har særleg ansvar for å fremje nynorsk som mindre brukt språk. Det er svært gledeleg!

Men sjølv om intensjonen er god, finst det ingen garantiar for at offentlege organ vil ta eit større ansvar for det enn dei har gjort til no. Det er ein reell fare for at dette ikkje vert meit enn fagre ord.

Språk vs målform:
I den nye lova er omgrepet «målform» bytt ut med «språk» dette var eit av ynskja til Noregs Mållag med den nye lova, og me er veldig nøgd med dette.

Fylkeskommunane:
For å sikre språket i fylkeskommunane betre føreslår regjeringa eit heilt nytt grep. Dei vil endre utrekninga for fleirtalsspråk i regionale statsorgan og samstundes gje fylkeskommunane dei same pliktene som regionale statsorgan.

I den nye utrekninga skal det vere eit absolutt fleirtal av bokmåls- eller nynorskkommunar for at eit regionalt statsorgan skal ha plikt til å bruke berre det eine skriftspråket i t.d. allment tilgjengelege dokument.

Dei lanserer vidare to alternativ:
Alternativ 1 inneber å utvide verkeområdet for dagens mållov, slik at fylkeskommunane får dei same pliktene til å bruke nynorsk og bokmål som regionale statsorgan. Konsekvensane av forslaget er mellom anna at fylkeskommunane skal skrive til ein nynorskkommune på nynorsk og til ein bokmålskommune på bokmål. Dei skal også oppfylle den individuelle språkretten privatpersonar har til å få svar på føretrekt skriftspråk. Vidare må dei bruke eventuelt fleirtalsspråk i fylket når dei skriv allment tilgjengelege dokument.

Alternativ 2 er å vidareføre gjeldande rett, slik at fylkeskommunane skal ha same rett som kommunane i dag har til gjere eigne språkvedtak, det vil seie sjølve definere seg språkleg.

For alternativ 1 vil stoda for fylkeskommunane då verta slik:
Vestland og Møre og Romsdal vil få nynorsk som fleirtalsform og vil halde fram som i dag.

Innlandet frå 1.1.202038 (22 bokmål, 7 nynorsk, 17 nøytrale) har med dagens utrekning av fleirtalsmålform bokmål som tenestemål. Etter framlegget vil denne regionen bli nøytral, men med plikt til å bruke minst 10 prosent nynorsk og minst 25 prosent bokmål.

Rogaland (3 bokmål, 11 nynorsk, 12 nøytrale) har med dagens utrekning av fleirtalsmålform nynorsk som tenestemål. Etter framlegget til ny utrekningsmåte blir regionen nøytral, og etter framlegget ovanfor vil det ha plikt til å bruke minst 25 prosent nynorsk og minst 10 prosent bokmål.

Vestfold og Telemark (7 bokmål, 8 nynorsk, 12 nøytrale) har med dagens utrekning av fleirtalsmålform nynorsk som tenestemål. Etter framlegget til ny utrekningsmåte blir regionen nøytral, og etter framlegget ovanfor vil det ha plikt til å bruke minst 25 prosent nynorsk og minst 25 prosent bokmål.

Agder (11 bokmål, 6 nynorsk og 13 nøytrale) har med dagens utrekning av fleirtalsmålform bokmål som tenestemål. Etter framlegget til ny utrekningsmåte blir regionen nøytral, og etter framlegget ovanfor vil det ha plikt til å bruke minst 25 prosent bokmål og minst 10 prosent nynorsk.

Om desse pålegga vert følgde meiner Noregs Mållag at nynorskbrukarane i fylkeskommunen kjem betre ut av det enn dei er i dag. Men det kan og verta uheldige utslag enkelte stadar av det nye framlegget.

Tenesteplikt om nynorskbruk:
Departementet gjer framlegg om å ikkje lenger definere det som ei tenesteplikt på den enkelte statstilsette å bruke nynorsk og bokmål etter reglane i kapittel 2. I staden er framlegget å vidareføre det overordna ansvaret på organet sjølv, formulert som eit pålegg om å sikre nødvendig skrivekompetanse.

Dette meiner Noregs Mållag vil vere ei klar svekking av  jamstillinga og av sidemålsopplæringa sin status i skulen.

Verkeområde for lova: 
I framlegget til ny lov gjer regjeringa framlegg om å la offentleglova § 2 definerer verkeområdet til språklova. Det skal framleis vere unntak for rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.  

Noregs Mållag ynskte at alle statstilknytte verksemder, òg statstilknytte verksemder som ikkje er ein  organisatorisk del av forvaltinga og selskap der staten eig meir enn 50,5 av lutane skal vera underlagde språklova. Språklova skal ikkje kunna utholast gjennom at staten endrar eigarskapsmodellen, slik det skjer  dag.

Noregs Mållag ynskte og at den administrative delen av Storting, Riksrevisjonen, Stortingets ombodsmann for forvaltinga og andre organ for Storting skulle kome inn under lova.

Sanksjonar:
I den nye språklova har ikkje Språkrådet fått nokon sanksjonsmogelegheiter ved brot på den nye lova. Det hadde Noregs Mållag håpa at lova ville gje dei.

Prinsippet nynorsk:
Noregs Mållag ynskte seg ei utgreiingsplikt i alle saker som får konsekvensar for språkstoda i Noreg, det finst ikkje i den nye lova.

Rapportering:
I dag seier §10: Kongen skal minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste.

Noregs Mållag hadde spelt inn framlegg til ny paragraf:
Ny §10: Kongen skal minst kvart fjerde år legge fram ein rapport om stoda til nynorsken i både skuleverk og offentleg forvalting, inkludert kommunane.

Denne paragrafen er ikkje med i framlegget.

Kommunane:
Noregs Mållag hadde ynskt oss ein klarare politikk som sikra nynorskkommunane betre. Det er heller ikkje med i det nye framlegget

***
Framlegg til ny språklov er lagt til høyring. Alle som ynskjer det, kan levere inn høyringssvar. Høyringsfristen er 15. november 2019

Dette er pressemelding som Noregs Mållag sende ut om framlegg til ny Språklova. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no