Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Barnelitteraturpris til Kari Stai!

 (06.09.2019)

Kari Stai fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2018 for boka Jakob og Neikob og Alle Andre. På laurdag var det kakefest på Inderøya med 70 store og små. 

Nynorsk barnelitteraturpris er ein pris frå Noregs Mållag. Prisen er på 30 000 kroner, og han har vore delt ut sidan 1968.  Det vert prisutdeling på Inderøy kulturhus laurdag 7. september ved Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Det vart kakefest, opplesing ved Kari Stai av den nyaste boka om Jakob og Neikob. 

– Jakob og Neikob og Alle Andre er ei ekstra flott Jakob og Neikob-bok fordi ho også overskrid sitt eige univers, eller ein kan seia at den mangfaldige verkelegheita sildrar inn i det stiliserte Jakob og Neikob-universet. Det er imponerande gjort, skriv juryen i grunngjevinga. 

Grunngjeving frå juryen:
Den femte boka om Jakob og Neikob er ei Jakob og Neikob-bok slik vi kjenner dei, med eit tydeleg visuelt univers med motsetnader og ordspelhumor om ja og nei og andre språklege spissfindigheiter. Også i denne boka er det mykje grunnlag for samtale og latter både for barn og vaksne.
Samstundes er det ei bok som utfordrar det enkle og strenge universet me er vane med hjå Jakob og Neikob, sidan verbalteksten og det visuelle på ein måte fortel to ulike historier. Verbalteksten handlar om at Neikob er lei av seg sjølv, og vil bli som alle andre. Så dreg dei ut for å leita etter alle andre, og finn ein Alle Andre som er ein slags konformitetsagent som kan gjera Neikob lik Alle Andre. Samstundes viser illustrasjonane at Jakob og Neikob (og vi andre) er omgjevne av alle andre heile tida, og at alle andre er all slags rare typar og mange og forskjellige -- eigentleg meir enn det er rom for i det forenkla Jakob og Neikob-universet.

I juryen sit: Gudrun Kløve Juuhl, Per Roger Sandvik og Kristine Thorkildsen.

Tidlegare prisvinnarar: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10235,10236 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no