Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kven bør få Nynorsk næringslivspris?

 (23.09.2019)

Slik såg det ut når Sogndal Fotball fekk Nynorsk næringslivspris frå Noregs Mållag i 2018. No inviterer vi alle til å koma med grunngjevne framlegg til kandidatar som fortener denne prisen.

I fjor fekk Sogndal Fotball prisen, året før var det Fjord1, og året før der var det Dyrsku'n i Seljord. Her kan du lesa heile prisrekkja og grunngjevingane for tildelingane til Nynorsk næringslivspris sidan 2006.

I statuttane for Nynorsk næringslivspris står det at utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av mållova, kan motta prisen/utmerkinga. 

Jury for Nynorsk næringslivspris er Magne Aasbrenn, leiar, Nina Berge Rudi, Øystein Skjæveland og Olin Johanne Henden.

Send framlegg til: Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo eller på e-post til gro.morken@nm.no

Frist for å senda inn framlegg: 4. oktober 2019 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no