Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

God støtte til nynorsktiltak

 (07.10.2019)

Regjeringa har sett av 4,2 millionar kroner ekstra til nynorsktiltak i statsbudsjettet.

– Det er gledeleg at regjeringa ynskjer å ta i eit tak for nynorsken. Med ekstraløyvinga på 4,2 millionar kroner nyttar dei pengane godt og får effektiv satsing på digitalisering og tiltak retta inn mot barn og unge, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Nynorsk pressekontor får auka støtte til arbeidet med ein nynorsk robot som skal maskinomsetje tekstar frå bokmål til nynorsk. Satsing på nynorsk språkteknologi er heilt vesentleg for å følgje med i den digitale framtida, seier Magne Aasbrenn. Det er ekstra stas at denne løyvinga kjem same hausten som Nynorsk pressekontor fyller 50 år.

Både Samlaget og LNK får støtte for å gje barn og unge bøker og aktuelt lesestoff på nynorsk.
Samlaget får pengane for produksjon av digitale lydbøker på nynorsk for barn og unge, og LNK gjev ut avisa Framtida for barn og unge.

Ekstraløyvingane fordeler seg slik: 1 million kroner i løyving til Nynorskhuset i Førde, 1,2 millionar kroner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), 1 million kroner til Nynorsk pressekontor og 1 million kroner til Det Norske Samlaget.

– Det er også spennande at regjeringa stør etableringa av Nynorskhuset i Førde med ein million kroner som dei gjev til Sogn og Fjordane Teater. Å få etablert eit nynorskhus i Førde vil vere med på å styrkje nynorsk teater for barn.

Noregs Mållag er skuffa over at regjeringa heller ikkje denne gongen kjem med ei avklaring i spørsmålet om språkdelt ungdomsskule. Dette må på plass for å sikre dei språklege rettane til nynorskelevane.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no