Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oppstart i Ytre Nordfjord

 (18.10.2019)

Det er invitert til oppskipingsmøte i Ytre Nordfjord Mållag torsdag 31. oktober klokka 19 på møterommet på Vågsøy folkebibliotek i Måløy. 

Medlemane i Selje og Vågsøy og alle interesserte vert invitert. Hege Lothe, info- og organisasjonskonsulent, vil vere med på møtet. Ho vil snakke om utfordringane for nynorsken lokalt og nasjonalt. Også Hallstein Dvergsdal, leiar i Sogn og Fjordane Mållag vil vere med på møtet. Etter årsmøtet blir det quiz! Det blir flotte premiar frå Mållaget!

Har du lyst til å vere med? Ta gjerne kontakt med Øystein Sortland, kontaktperson for Vågsøy Mållag. Kanskje du har nokre gode råd på vegen. Telefonnummer er 977 34 952 og e-post er oysteinland@hotmail.com eller Hege Lothe på telefon 926 48 348 eller hege.lothe@nm.no

Ein treng ikkje å vere medlem i Mållaget for å kome på møtet. Medlemsskap kan vi alltids ordne etterkvart. Det blir enkel og god servering.

Alle er velkomne!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no