Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ope møte i Stryn og Hornindal Mållag

 (28.10.2019)

I fleire år har det ikkje vore aktivitet i Stryn og Hornindal Mållag. Trass i lite aktivitet har medlemstalet auka i rykk og napp. I dag er det 35 medlemer i laget.

I vinter har Sogn og Fjordane Mållag vore i kontakt med fleire av medlemer i Stryn, og mange har sagt at dei ynskjer å få til ein oppstart av lokallaget. Vi ynskjer å invitere alle medlemane til dette praten. Er det interesse for aktivitet? Skal laget eventuelt heite noko anna enn i dag?

Vi ber inn til ope møte i Stryn og Hornindal Mållag tysdag 29. oktober, klokka 20 på Stryn bibliotek.

Både Hallstein Dvergsdal, leiar i Sogn og Fjordane Mållag og Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag, vil vere med på møtet.

Det er også mogleg å gjere denne kvelden til ein skikkeleg heilaftan!

Stryn bibliotek inviterer til møte i møteserien #bygdelivet som byrjar klokka 18.

Då kjem forfattar og journalist Jens Kihl til Stryn med den nye boka si:

«Dette er også Noreg – kommunal feelgood»

Stryn bibliotek sitt bilete.

«Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er», skreiv Ivar Aasen. Med det i minnet bestemte journalist Jens Kihl seg for å besøke alle kommunane i Noreg medan dei nettopp er der dei er.

Han har skrive ei bok der vi blir med på ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp. Vi møter menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben.

Jens Kihl blir intervjua av Hege Lothe.

Ta gjerne kontakt med Hallstein Dvergsdal i Sogn og Fjordane Mållag, om det er noko du vil spørje om på førehand. Kanskje du har nokre gode råd på vegen. Telefonnummer er 993 12 586 / e-post halldve@frisurf.no eller Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 eller e-post hege.lothe@nm.no  

Ein treng ikkje å vere medlem for å kome på møtet. Medlemsskap kan vi alltids ordne etterkvart.

Alle er velkomne!

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no