Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Historisk løft for nynorsk frå byrådet i Bergen

 (29.10.2019)

For fyrste gong vil byrådet i ein av dei største byane i Noreg gje eit fast tilbod med nynorsk parallellklasse på ein sentrumsskule. 

Bergen kommune tek i denne plattforma eit heilt nytt grep og vil legge til rette for ein nynorskklasse i sentrum om det er interesse for det. Dette håper Mållaget er eit grep som vil gjere det lettare å få til nynorskklasse for dei foreldra som har ynskt det for ungane sine, og ikkje fått det til.

– Det er offensivt av kommunen å forsøke seg på dette no, seier Magne Aasbrenn. 

Det er også fleire andre positive tiltak som vil gje nynorsk betre vilkår i skulen. 

– Frå tredje trinn skal alle elevar få ei systematisk opplæring i både nynorsk og bokmål, og i heile Bergen kommune skal det leggjast til rette for nynorske parallellklassar dersom foreldra til minst 10 elevar ønsker det. I Arna vil byrådet ta tak for å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål.

Det er i byrådserklæringa desse tiltaka er lista opp.

Bilderesultat for roger valhammer
Byrådsleiar Roger Valhammer. 

– Med den nye plattforma viser det nye byrådet i Bergen og leiar Roger Valhammer at dei er minst like nynorskvennlege som førre byråd, seier Magne Aasbrenn. Han legg ikkje skjul på at dette er politikk som han også håpar at byar som Oslo og Stavanger tek i bruk. 

– Grunnlaget for all språklæring skjer sjølvsagt i barnehagen. Det viser Roger Valhammer og byrådet at dei har skjønt, når dei slår fast at barn som skal ha nynorsk som opplæringsspråk, må få møte språket sitt alt i barnehagen og ha eit rikt tilbod av nynorsk litteratur der.

I byrådsplattforma heiter det at Bergen er hovudstaden på Vestlandet og at nynorsk er ein sentral del av den regionale identiteten. Summen av tiltaka som no er varsla, gjer at denne plattforma må karakterisertast som banebrytande og historisk, meiner mållagsleiaren.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no