Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringa senkar statusen til nynorsk i norskfaget

 (18.11.2019)

Regjeringa kjem no, berre månader etter at dei har lansert ei offensiv språklov, med ein læreplan som klart bryt med sine eigne intensjonar i språkpolitikken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.  

Regjeringa fjernar både eigen halvårsvurdering med karakter i sidemål i 8. og 9. klasse og på vg 1 og vg 2, samstundes skal det vere lågare krav til sidemålskompetansen i sluttvurderinga. 

Det vil vere med å senke kompetansen i nynorsk som sidemål i samfunnet og å auke språkskiftet frå nynorsk til bokmål i vidaregåande, slår Magne Aasbrenn fast.

– Så er det heldigvis slik at elevane framleis skal ha halvårskarakter og standpunktkarakter i sidemål i 10. klasse og vg3, og det skal framleis vere trekkeksamen i sidemål slik som i dag, seier Magne Aasbrenn. – Ei reell styrking av nynorsken vil det vere å innføre obligatorisk sidemålseksamen igjen.

Det er også bra at elevane skal byrje skriveopplæring i sidemål tidlegare enn før.

Tidlegare arbeid med framlegg til ny læreplan i norsk

Les her: Ny læreplan i norsk

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no