Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i Bjørnafjorden

 (05.12.2019)

Kommunestyret i Bjørnafjorden kommune har vedteke at vaksenopplæringa skal gå over til nynorsk.

Det nye kommunestyret i Bjørnafjorden kommune hadde sitt andre kommunestyremøte 19. november 2019. Bjørnafjorden kommune blir den nye kommunen for dei samanslåtte kommunane Os kommune og Fusa kommune i Hordaland.

Kommunestyret hadde som sak 17 å fastsetje administrasjonsspråk for kommunen. Dei var samrøystes om det skal vere nynorsk. Som siste punkt i saka ville politikarane fastsette opplæringsspråket i kommunen, også for vaksenopplæringa. Administrasjonen bad om å få utgreidd konsekvensane med å gå over til nynorsk i opplæringa mellom anna for velkomstklassa. Kommunestyret ville heller gjere vedtak og delte seg i saka.  

Fleirtalet gjorde dette vedtaket: «I Bjørnafjorden kommune skal vi i nytta nynorsk i undervisninga i skulane våre. Kommunestyret bed administrasjonen, i samarbeid med dei tilsette og organisasjonane, om å legga til rette for ein god overgang der ein i dag nyttar bokmål.»

Framlegget fekk 23 røyster (1uavh, 1 KrF, 5 H, 1 SV, 3 MDG, 8 Ap, 4 Sp) mot 12 røyster frå FrP.

Dermed er Bjørnafjorden den 55. kommunen som har gått over til eller vedteke å gå over til nynorsk opplæringsspråk for vaksne innvandrarar.

Me ynskjer til lukke med godt vedtak! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no