Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nye lag i Ytre Nordfjord og Sauda

 (06.12.2019)


Styret i Ytre Nordfjord Mållag: Geir Arne Solheim (til venstre), Arnfinn Kolerud, Tonje Elisabeth Husevåg og Øystein Sortland. Ikkje til stades: Ragne Furnes Larsen, Håkon Sjåstad og Eva Westvik.

I november og desember har både Ytre Nordfjord Mållag i Sogn og Fjordane og Sauda Mållag i Rogaland blitt skipa opp att.

Måndag 2. desember var det møte i Måløy. Då vart det bestemt at det laget skal heite Ytre Nordfjord Mållag. Laget erstattar Vågsøy Mållag og Selje Mållag som har vore sovande lag i mange tiår.

Ny leiar er Øystein Sortland. Han har fått med seg eit solid styre: Geir Arne Solheim, Arnfinn Kolerud, Tonje Elisabeth Husevåg, Ragne Furnes Larsen, Håkon Sjåstad og Eva Westvik.

Ytre Nordfjord Mållag har fått fem heilt nye medlemer i år. Akkurat no har dei 30 betalande medlemer. I 2016 var det 16 medlemer og i fjor var dei 22 medlemer. Laget har altså dobla medlemstalet på tre år!

Ny giv i Sauda

I Sauda vart det invitert til oppattskipingsmøte i Sauda Mållag den 14. november. Heile 30 møtte fram, og det var god stemning når dei skipa laget. Sigve Gramstad snakka om Retten til eige språk. Han kjem frå Sauda og har tidlegare arbeidd for Europarådet sin ekspertkomité for det europeiske språksjarteret.

Terje Fatland (i midten) er ny leiar i Sauda Mållag. Dei andre i styret er (frå høgre) Marie Imsland, Hans Hylen Solberg, Aslaug Tangerås og Dagfinn Birkeland.

Det er 12 år sidan det var aktivitet i lokallaget, og oppattskipinga har også gjeve ny interesse for målsaka i Sauda. Sauda Mållag har verve heile 10 nye medlemer i år. Laget har heile 51 betalande medlemer. Det kan sjå ut som at Sauda Mållag går mot beste medlemstalet sidan 2003. Det tyder også at laget har rett på to utsendingar til landsmøtet på Sola.

Terje Fatland (i midten) blei vald til ny leiar i Sauda Mållag. Dei andre i styret var (frå høgre) Marie Imsland, Hans Hylen Solberg, Aslaug Tangerås og Dagfinn Birkeland.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no