Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. FEBRUAR 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Peder Lofnes Hauge er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

 (21.01.2020)


                                                                 Peder Lofnes Hauge (Foto: Elise Årdal) 
– Nordmenn møter for mykje bokmål i kvardagen.
Det seier Peder Lofnes Hauge (31) som er foreslått som ny Mållags-leiar etter landsmøtet i april.


– Vi må leggje til rette for at alle møter meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Bokmål er fint i dikt, men nynorsk passar til alt overalt, seier Peder Lofnes Hauge. Han meiner det er viktig både for nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar å kunne bruke og sjå nynorsk rundt seg. 

Det er eit rekordstort Mållag som samlar seg til landsmøte på Sola i april. Med 13 581 medlemmer er Mållaget Noregs viktigaste språkorganisasjon og på mange måtar fagforeininga til nynorskbrukarane. 

Peder Lofnes Hauge kjem frå Gloppen i Nordfjord. Han er utdanna lærar og er i dag nestleiar i Noregs Mållag. Han kjem frå jobben som politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn (V) i byrådet i Bergen.
– Bergen har gjort mykje bra for nynorsken dei siste åra, men det er først og fremst eit nasjonalt ansvar å sikre det nasjonale bruksspråket nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge som vil halde regjeringa i øyra.

– Uavhengig av kven som sit i regjering, skal mållaget passe på at dei ikkje køddar med nynorsken. Ei regjering utan omsorg for heile det norske språket kan ikkje vere ei regjering for heile Noreg. 

Peder Lofnes Hauge vil overta etter Magne Aasbrenn som har vore leiar i Mållaget i fire år.

– Det er mange i organisasjonen som har peikt på Peder som ny leiar. Han kjenner organisasjonen godt, har det politiske handverket i fingrane og har klåre ambisjonar for Noregs Mållag i åra framover. Me er overtydde om at han er ein god leiarkandidat, seier Kirsti Lunde, leiar i valnemnda.

For meir informasjon:
Peder Lofnes Hauge, leiarkandidat til Noregs Mållag, 951 22 689
Kirsti Lunde, leiar i valnemnda, 482 64 518

Landsmøtet i Noregs Mållag er frå fredag 24. til 26. april 2020: Heile innstillinga til nytt styre vil vere klar éin månad før landsmøtet.

Bilete av Peder Lofnes Hauge:
http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/peder_lofnes_hauge__leiarkandidat.jpg (Foto: Elise Årdal)

http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/peder_lofnes_hauge__leiarkandidat2.jpg (Foto: Elise Årdal) 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no