Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lisa Alvestad er ny leiar i Sunnmøre Mållag

 (09.03.2020)

På fylkesårsmøtet i Ålesund valde Sunnmøre Mållag Lisa Alvestad frå Ålesund til ny leiar. 

– For Sunnmøre Mållag er det svært viktig å følgje saka om nynorsk i Ålesund. Ålesund kommunestyre vedtok at Ålesund skal vere ein nynorskkommune. Det var eit historisk vedtak. At Ålesund blir ein solid nynorskkommune er viktig for nynorsken på heile Sunnmøre og for resten av Noreg, seier Lisa Alvestad.

Ho er også leiar i Borgund Mållag, og sit i kommunestyret for Senterpartiet i Ålesund.

I styret får ho med seg Marit Aklestad og Ingebjørg Røyrhus Øyehaug frå Ørsta, Martine Rørstad Sand frå Stranda og Magnar Storøy frå Herøy.

Sunnmøre Mållag har hatt solid medlemsauke siste året, og hadde ved årsskiftet 1067 betalande medlemer. Gjennom dei siste tiåra har det vore ein kraftig auke i talet på medlemer, og sidan 2003 har Sunnmøre Mållag nær dobla medlemstalet sitt. Det er 13 aktive lokallag tilslutta Sunnmøre Mållag, og det komande året skal laget blant anna drive organisasjonsbygging i lokallaga, arbeide for å sikre nynorskklasser i skulen, at elevar får digitale verktøy på nynorsk, og for at fleire vel nynorsk i vidaregåande skule.

– Vi vil vere meir til stades i sosiale medium og på nett for å spreie kunnskap om språk og språkglede, seier Lisa Alvestad. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no