Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Om landsmøtet og Korona-spørsmålet

 (09.03.2020)

For tida er det eit aktuelt spørsmål om spreiinga av korona-viruset kan verke inn på avviklinga av Noregs Mållags landsmøte 24.–26. april 2020. 

Korona-situasjonen utviklar seg i negativ lei dag for dag for tida, og med den siste utviklinga ser det diverre meir sannsynleg ut at dette kan råke landsmøtet i Noregs Mållag 24.-26. april. Helsestyresmaktene har så langt berre gitt råd som gjeld ut mars månad, og vi i Mållaget sentralt vil sjå an utviklinga nokre dagar til.

På bakgrunn av dei siste opplysningane vi har fått, vil vi likevel oppmode lag som ikkje enno har kjøpt fly- buss- eller togbillettar t/r Sola om å vente med dette kjøpet inntil vidare.

Påmelding av delegatar og betaling av landsmøteavgifta skal uansett betalast til fristen 15. mars. Om styret kjem til at landsmøtet blir avlyst, vil desse pengane straks bli førte tilbake til laga. Ved ei avlysing vil vi finne ei ordning der påmelde delegatar avgjer dei formelle sakene som ikkje kan vente til eit omframt landsmøte.

Med påmelde delegatar meiner vi dei som er melde til fristen, eller som før fristen går ut har søkt om utsetjing med påmeldinga pga. sein årsmøtedato - og som har det formelle i orden med å vera rett valt, ha levert årsmelding og fullmaktskjema og har betalt landsmøteavgift.

Lag som allereie har hatt utgifter til fly-, buss- eller togbillett vil òg få refundert desse.

Frist for påmelding og betaling er fyrstkomande søndag 15. mars. Les meir på informasjonssida om landsmøtet

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no