Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Abid Raja må sikre nynorsken i staten

 (17.03.2020)

Noko av det siste Trine Skei Grande gjorde før ho overrekte Abid Q. Raja nøklane til Kulturdepartementet, var å føreslå at dei tilsette i departementet ikkje lenger må kunne skrive heile det norske språket.

Dette gjorde ho i utkastet til ny språklov. Språklova er god, og Skei Grande har i hovudsak gjort eit godt stykke arbeid, men bortfallet av den såkalla individuelle tenesteplikta til å nytte både bokmål og nynorsk står som eit språkpolitisk knefall for Høgre. Det hjelper ikkje å lovfeste det offentlege sitt ansvar for særleg å styrkje det minst brukte språket nynorsk, om ein i same lovtekst effektivt plukkar vekk delar av grunnlaget for at alle borgarane fritt, enkelt og effektivt kan kommunisere med staten.

Den nye språklova har vore på høyring, og kjem straks til Stortinget. No må regjeringa høyre etter: Dei må halde på den snart 100 år gamle plikta kvar statstilsett har til å meistre å skrive nynorsk. Å meine at tilsette i staten, som er til for heile Noreg, bør meistre heile det norske språket, er ikkje eit urimeleg krav. Dei har då fått skriveopplæring på skulen. Å erstatte plikta med ei plikt for kvart organ til å ha den naudsynte skrivekompetansen er for det første prinsipielt problematisk. Dessutan legg det eit urimeleg krav på dei tilsette som meistrar nynorsk. Blir dette gjennomført, vil det bli krevjande for kvar statsetat å veksle mellom bokmål og nynorsk slik lova krev.

Det er heller ikkje til å stikke under stol at dette vil svekkje sidemålsordninga i skulen. Vi kan ikkje vedta lover for at det skal vere enklare for Unge Høgre å reise på skuleval og svare norske elevar på kvifor dei må lære seg nynorsk. Slik somme har fritak frå sidemålsopplæring i skulen, er det også fritaksreglar for språkkravet i staten.

I 2013 hadde Høgre ei formulering i stortingsvalprogrammet om at kvar einskild tilsett i det offentlege kunne bruke si eiga målform i arbeidet, også i kommunikasjon med omverda. Tanken var, skal vi tru dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at «dette skulle sikre den enkelte språklig frihet». Men som han også sjølv skreiv, meinte programkomiteen han leia før 2017-valet at «dette bygget på et galt resonnement». Det har han heilt rett i. Og desse orda bør Abid Q. Raja kviskre i øyra til arbeids- og sosialminister Røe Isaksen når regjeringa møtest for å oppsummere høyringa. Han bør leggje til at både Venstre og Høgre grunnleggjande sett bør meine at staten først og fremst er til for borgarane.

Kulturminister Abid Q. Raja kom kanskje ikkje til heilt blanke ark på skrivepulten sin i Kulturdepartementet, men han bør bruke fargestiftane sine til å rette opp feila frå i går. Det er viktig for nynorsken i morgon.

Peder Lofnes Hauge
Nestleiar i Noregs Mållag og tidlegare Venstrerådgjevar

Anders Riise
Styremedlemer i Noregs Mållag, Høgrepolitikar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no