Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heimekontor på Mållaget

 (19.03.2020)

Vi oppmodar alle medlemene våre om å lytte til råda frå styresmaktene, og å delta på dugnaden for å avgrense smitten. 

Det er ingen av dei tilsette som no møter fast på skrivarstova i Oslo. Alle dei tilsette arbeider på heimekontor. 

Du kan nå oss på telefon eller e-post som før, sjølv om nokre av oss også passar born heime. I dette oversynet finn du e-post og telefonnummer til dei tilsette. Vi vil hjelpe deg så godt vi kan. Ein av dei tilsette vil sjå innom skrivarstova for å hente inn posten eit par dagar i veka. 

De kan halde fram å tinge varer frå Krambua. Før påske har vi éi utsending av post. Den vert sendt ut måndag 30. mars. 

Vil du nå ein av styremedlemane? Sjå kontaktinformasjon til styret i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no