Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 5. JUNI 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Marianne G Engedal

 (15.04.2020)


(Foto: Tove K. Breistein)

Marianne Gretteberg Engedal er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2019 for debutboka Pølsetjuven. Boka har kome ut på Samlaget.

– Prisen har blitt delt ut av Noregs Mållag sidan 1968. Nynorsk barnelitteraturpris er eit diplom og 30 000 kroner, fortel Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Juryen har vore Kristine Thorkildsen, bibliotekmedarbeidar hjå Stord folkebibliotek, Per Roger Sandvik, språkkonsulent, Nesodden og Rita Mundal, bibliotekleiar hjå Lom folkebibliotek. Juryen legg vekt på at boka har gjennomført kunstnarisk kvalitet.

– Sjølve historia er også slitesterk og eit viktig tema alle foreldre bør snakka med barna sine om: Det å finna ut kven ein er og ikkje vera redd for å leva som ein vil, skriv juryen.

Grunngjevinga frå juryen:
«Vinnaren av  Noregs Mållag sin nynorske barnelitteraturpris 2019 har vist gjennomført kunstnarisk kvalitet i debutboka si. Fronten skapar forventning om ei historie som handlar om ein gut som har gjort noko gale. Juryen var einig om at dette er ei bok som barn vil sjå og dermed ønskja å lesa. Me trur jamvel den vaksne også vil sjå at denne skil seg ut frå andre bøker.

Illustrasjonane har noko sart, humoristisk, naivistisk og samtidig noko slitesterkt ved seg. Du kan lesa boka 10 gongar og du vil enno finna noko nytt når du les den dei neste gongane. Berre innsidepermen kan du bruka ei heil «godnatt-lesestund» på å sjå kva som er forskjell frå innsidepermen på fyrste side og den siste. Fargebruken i illustrasjonane har ein heilskap sjølv om det er brukt mange fargar. Dei er frodige på ein dusaktig måte.

Me synest også kombinasjonen av vanleg oppslag i biletboka til innslag av teikneserieform er kreativ og gjev lesaren forskjellige utfordringar i å lesa boka.

Sjølve historia er også slitesterk og eit viktig tema alle foreldre bør snakka med barna sine om. Det å finna ut kven ein er og ikkje vera redd for å leva som ein vil. Boka gjev rom for mange filosofiske samtaler. Ho har også ei morosam side som kan gje rom for humring og latter.

Marianne Gretteberg Engedal står for både illustrasjon og tekst. Om det er jobben som kokk eller åra på Kunsthøgskulen i Bergen som har skapt denne flotte boka, kan ikkje juryen svara for. Det kan sjå ut som ho har kombinert desse to erfaringane på briljant vis når ho formidlar bodskapet sitt gjennom ni år gamle Kjell som tar sjølvstendige val og tør å vera seg sjølv. Me fall for den modige guten med det snodige utsjåandet.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no