Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 5. JUNI 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bjørnafjorden Mållag!

 (22.04.2020)


Styret i Bjørnafjorden Mållag: Frå venstre: Morten Holmefjord (styremedlem), Reidunn Hernes (skrivar), Kjetil Osablod Grønvigh (styremedlem), Marie Elisabeth Bruarøy (styremedlem), Elisabeth Hanstvedt (kontaktperson) og Anne Solberg Andersson (kasserar og Facebook-ansvarleg).Varafolk: Svein Arne Myhren og Geir Magne Johnsen Moberg (ikkje til stades då biletet vart teke).

Tidlegare i vår vart Os Mållag og Fusa Mållag til Bjørnafjorden Mållag. Ingen andre lokallag har fleire nynorskelevar i eigen kommune!

Frå nyttår vart Os kommune og Fusa kommune til Bjørnafjorden kommune.
– For eitt år sidan gjekk vi ut i Os og Fusaposten og gjennomførte «truloving» på ferja over Bjørnafjorden. Så praten om å slå saman laga har vi hatt eitt års tid. I Fusa har det ikkje vore aktivitet siste åra, men det har vore god oppslutning om ideen om å gå saman til eitt lag, fortel Anne Solberg Andersson, kasserar i Bjørnafjorden Mållag.

Marsipankake!
Det var ingen som gjekk i mot å slå saman dei to laga. Det er likevel to lag med ulike identitetar som slår seg saman, så det vart derimot ein diskusjon om kva som skal vere namnet på laget.  
– På samanslåingsmøtet vart det eit fleirtal for namnet Bjørnafjorden Mållag, seier Anne Solberg Andersson.

Til møtekvelden vart det tinga inn ei flotte marsipankake, og det var ein god stemning, der mange hadde meiningar om kva laget skal halde på med.

3 128 nynorskelevar
Eitt av dei fyrste vedtaka det nye kommunestyret gjorde, var å vedta at kommunen skal vere ein nynorskkommune. Då vart det også ein diskusjon om opplæringsmålet, og då vart det vedteke at vaksenopplæringa skal gå vekk frå å lære dei vaksne innvandrarane bokmål, og dermed skifte til nynorsk.
– Dette har Mållaget ivra for lenge. Ei av dei som sit i kommunestyret er også i styret til Mållaget, så eg trur vi har vore viktige på den måten. I tillegg er det fleire som har sagt at det politiske miljøet i Fusa har vore meir tydlege ynskje om å få nynorsk og det også var eit viktig bidrag, seier Anne Solberg Andersson.
Det er heile 3 128 nynorskelevar i kommunen. Bjørnafjorden kommune er den kommunen i Noreg som har flest nynorskelevar! Det er ein annan kommune som er over 3000 nynorskelevar, og det er Sunnfjord kommune. I fjor markerte Os Mållag at det var hundre år sidan dei fleste skulane i Os gjekk over til å undervise i landsmålet. Denne våren er det hundre år sidan Os Mållag vart skipa.

Arbeider godt saman
Dei har eit styre der alle bidreg i arbeidet. Det er ingen som har teke leiarvervet, men alle har kvar sine oppgåver. På årsmøtet tok alle som stod på val attval, så det tyder jo på at dei får til å arbeide godt saman.
Alle planane framover er ikkje lagt, men styret ynskjer å halde fram å gjere Mållaget synlege i lokalsamfunnet.  Målet er å samle målfolk i Bjørnafjorden til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område, som det heiter i vedtektene.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no