Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 5. JUNI 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskdagen!

 (10.05.2020)

I dag, 12. mai, er det 135 år sidan Stortinget gjorde vedtak om å jamstelle landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».  

Det var 78 stortingsrepresentantar frå Venstre som røysta for og 31 stortingsrepresentantar frå Høgre som røysta mot.

Det var eit dristig vedtak i 1885. Svært få hadde teke i bruk det nye skriftspråket nynorsk. 135 år etter har over ein halv million nynorsk som fyrstespråk, noko som gjer nynorsk til eit stort og veletablert språk i global samanheng. Å vekse opp med fleire skriftspråk rundt seg er ein styrke for så vel individ som samfunn. Difor er det viktig at jamstellingsvedtaket vert følgt og at nynorsken har den plassen i samfunnet som han fortener.

Denne dagen, 135 år etter jamstellingsvedtaket, bør få merksemd. I år vert den markert på Facebook på sida for Nynorskdagen. Der kan du finne appell, song, kviss og mykje meir.

Bruk dagen i dag!
Me vonar at så mange som råd brukar dagen til å skrive nynorsk! Skriv nynorsk handleliste, nynorsk på Facebook, nynorsk på Twitter og nynorsk på jobben din. Eller nynorske sakspapir eller referat. Nynorsk kan brukast til alt – av alle – på nynorskdagen! Merk #nynorskdagen når du skriv på Facebook, Instagram eller liknande. Då er det lettare å få auge på kvarandre! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no