Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 5. JUNI 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha fleire nynorske læremiddel

 (20.05.2020)

Denne veka deltok Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i opa høyring i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget.

Komiteen hadde høyring om integreringslova og endringar i statsborgerlova og Peder Lofnes Hauge deltok med innspel om nynorsk i vaksenopplæringa. Deler av komiteen var fysisk til stades i høyringssalen på Stortinget, medan dei andre komitemedlemane og deltakarane i høyringa var med digitalt.

– Verken val av språk i vaksenopplæringa eller tilgangen på nynorske læremiddel er omtalt i framlegget frå regjeringa, sa Peder Lofnes Hauge til komiteen.

– Det vil styrkje saka og vurderingsgrunnlaget at kommunal- og forvaltningskomitéen tar inn dette perspektivet i arbeidet med Integreringslova.

– Noregs Mållag håpar på ein tydeleg politisk vilje til å prioritere midlar til nynorske læremiddel både på papir og digitalt, samt vidareutdanning av lærarar slik i vaksenopplæringa slik at vi sikrar språkmektige lærarar som kan undervise i og på både nynorsk og bokmål, sa Peder Lofnes Hauge.

Det var komitéleiar Karin Andersen (SV) som leia høyringa. Ho hadde eitt oppfølgingsspørsmål om merknadsframlegga frå Mållaget. Peder Lofnes Hauge stadfesta at Mållaget ikkje ynskjer å endre lova slik den ligg i dag, men ynskjer at komiteen skriv inn ei merknad om at opplæringsfeltet treng fleire nynorske læremiddel. 

Innlegget til kommunal- og forvaltningskomiteen
Peder Lofnes Hauge sa dette til komiteen: «Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er ein føresetnad for vellukka inkludering, og denne opplæringa skjer  i hovudsak lokalt i kommunane. Vi har 90 nynorskkommunar i Noreg og opp mot 100 kommunar der nynorsk er det dominerande språket. Så langt vi kjenner til er det 44 av desse som tilbyr eller har vedtatt nynorsk opplæring for vaksne innvandrar.

Opplæring av vaksne innvandrar ligg ikkje under opplæringslova. Born som blir busette i ein nynorskkommune får nynorskopplæring i skulen.  På same tid får foreldrene deira opplæring i det språket opplæringssenteret tilbyr, som for fleirtalet vil seie bokmål. 

Opplæringsspråket er altså opp til kommunane og ofte opplæringssentera sjølve. Opplæringssentera og kommunepolitikarane må tenkje gjennom kva som skal vere opplæringsspråket for deira innbyggjarar, kva språk læraren skal snakke i klasserommet, og korleis dialekt skal bli introdusert: Korleis vil vi føre vaksne innvandrarandrar inn i «den norske røyndomen slik det er her hjå oss»? Korleis sikre at dei får ta del i den demokratiske fellesarenaen som språk er, for å bruke regjeringa sine eigne ord.

Bokmålsopplæring i nynorskommunar kan auke avstanden til lokalsamfunnet, som igjen kan hemme inkluderingsarbeidet.  I vaksenopplæringa har det vore ein utbreidd praksis å gje opplæring på eit bokmålsnært talemål fordi dei mest brukte læreverka er skrivne på bokmål og har styrt undervisninga. Dette er problematisk.

For innvandrarar som bur i område med nynorsknære dialektar vil eit utgangspunkt med nynorsk talemål forenkle den munnlege språkforståinga mykje. Nynorsk språkopplæring vil ruste dei betre for å hjelpe borna med skulearbeid og gjere inkluderingsarbeidet enklare.

Hovudargumentet frå vaksenopplæringane i nynorskkommunane for at dei held på bokmålsopplæring, er at dei meiner det manglar læremiddel på nynorsk. Det er den tilbakemeldinga Noregs Mållag får i dialog med ulike vaksenopplæringar. 

Verken val av språk i vaksenopplæringa eller tilgangen på nynorske læremiddel er omtalt i framlegget frå regjeringa. Det vil styrkje saka og vurderingsgrunnlaget at kommunal- og forvaltningskomitéen tar inn dette perspektivet i arbeidet med Integreringslova.

Noregs Mållag håpar på ein tydeleg politisk vilje til å prioritere midlar til nynorske læremiddel både på papir og digitalt, samt vidareutdanning av lærarar slik i vaksenopplæringa slik at vi sikrar språkmektige lærarar som kan undervise i og på både nynorsk og bokmål.

Saman med framlegg til komitemerknader er våre synspunkt gjort ytterlegare greie for i eit notat som er sendt til komiteen. 

Takk for merksemda.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no