Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Håpar fusjon vil gje nynorsk i Aftenposten

 (04.03.2008)

Noregs Mållag håpar at den varsla fusjonen mellom Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen kan bli eit gjennombrot for nynorsk som mediespråk. Her har Aftenposten ein gyllen sjanse til å få velskrivne artiklar på nynorsk frå røynde journalistar.
- Bruk sjansen, oppmodar Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Regionavisene skal i aukande grad bruka kvarandre sitt stoff, og i staden for å pressa journalistar til å skriva bokmål, eller å omsetja artiklar til bokmål slik dei har gjort før, burde Aftenposten heller bruka dette høvet til å byrja å sleppa til nynorsk i spaltene. Her kan dei få gode, velskrivne artiklar frå røynde journalistar fiks ferdige på nynorsk, det er ein gyllen sjanse for redaktørane – bruk han, oppmodar Hege Myklebust.

– Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad har til no vore gode døme på at det er fullt mogleg å laga gode aviser der både nynorsk og bokmål får plass. Likevel er det ikkje så veldig mykje nynorsk i desse avisene heller, og det bør absolutt ikkje bli mindre framover. Dersom Aftenposten tviheld på forbodet mot nynorsk på redaksjonell plass, kan det fort føra til at journalistar som til vanleg skriv nynorsk vel å bruka bokmål når dei veit at stoffet skal i Aftenposten òg, det må me unngå, seier Hege Myklebust.

- Attåt skulen er det først og fremst media, og særleg avisene, som ber det største ansvaret for å halda oppe og utvikla det norske språket. Difor er det svært uheldig at store aviser som Aftenposten aktivt stengjer ute det eine av dei to skriftspråka våre. Både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar treng å møta begge språka i det daglege.

Pressemelding frå Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no