Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Siste frist for Språkprisen

 (14.05.2009)

Språkrådet ber om framlegg til kandidatar til Språkprisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Framlegga bør vera grunngjevne.

Kandidatar til prisen kan koma frå alle sentrale samfunnsområde – næringsliv, forsking, undervisning, forvaltning, presse og etermedium, teknologi, kulturliv. Prisen kan gå til ein person eller til ei gruppe (institusjon, bedrift, organisasjon). Han kan gjevast for eit enkeltverk eller ein større produksjon frå dei siste fem åra.

Prisen, ein for sakprosa på bokmål og ein for nynorsk sakprosa, skal delast ut på Språkdagen i Oslo 11. november 2009. Juryen er Ove Eide, leiar, Karianne Bjellås Gilje, Unn Røyneland og Espen Søbye.

Framlegg til kandidatar må vera Språkrådet i hende innan 15. mai 2009.

Tidlegare har Kjartan Fløgstad og Anders Johansen (2008) og Karin Sveen (2007) vunne prisen.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no