I ”Syng meg heim” er over 50 av dei mest kjende songane til Olav Stedje samla. Vestlandstrubadur nummer 1 er fødd og oppvaksen i Sogndal. Han debuterte med slageren «Vi vandrar saman» i 1981, og suksessen var sikra. Framleis vert songar som «Ta meg med» og Sogndal sin fotballsong «Stao no pao» mykje spela på radioen, og det ser ikkje ut for at trenden har tenkt å snu. Difor gir Skald forlag no ut «Syng meg heim», ei samling med 50 Stedje-klassikarar.
– Då forlagssjef Lars Nes på sist årsmøte nemnde at det kanskje var ein idè å laga Stedje-songbok, vart det skikkeleg godstemning og stor ståhei. Klart me måtte laga Stedje-songbok! seier redaktør Brit Aksnes. Fleire av songane er skrivne for Stedje spesielt, og låtskrivarar frå Ivar Dyrhaug til Ivar Medaas er representerte i boka. Superhiten «Vi vandrar saman» er skriven av produsent, gitarist og ven Svein Dag Hauge, medan landeplagen «Ein nordmann sin draum» opprinneleg er ein Rodney Crowell-låt, nydeleg gjenskriven på breitt sognamål av Stedje sjølv. Boka vart lansert under Forfattersleppet i Bergen 15. oktober.