Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. DESEMBER 2014 Information in english


Meld deg inn! Nyhende Arkiv Nynorsk verksemd Mållaget meiner Odda-modellen Kommunereforma Sidemål Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Garborg-sitat til pynt på Garborgsenteret

 (09.02.2010)

- Me vil at folk flest - kven som helst - skal senda inn sine favorittsitat, gjerne med ei lita grunngjeving for kvifor dei har
valt akkurat dette. Og me er på jakt etter sitat både av Arne og Hulda Garborg, seier Vidar Lund, biblioteksjef i Time, til Jærbladet.
- Sitata kan vera henta frå dikt, romanar, artiklar, kokebok, skodespel - alle tekstane som Arne og Hulda Garborg ha skrive, seier utstillingsleiar Gunhild Hammeraas ved Nasjonalt Garborgsenter.

Saman med Jærbladet på Bryne går dei no ut for å innhente framlegg. Deretter vert det folkerøysting om kva sitat som høver best.

● Alle kan senda inn sine favorittsitat av Arne eller Hulda Garborg til Jærbladet innan mandag 15. februar. Det kan gjerast via www.jbl.no på e-post til redaksjon@jbl.no, på faks 51 48 37 40 eller som brev (Pb 23, 4349 BRYNE).
Sitata blir publiserte på Jærbladet si nettavis.

● Ein komité skal gå gjennom alle sitata og velja ut dei mest aktuelle. Deretter blir det «folkerøysting» på jbl.no om kva for sitat som skal hamna på veggen til Time Bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2014
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no