Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsfråsegn frå Mållaget

 (19.04.2011)

Noregs Mållag har gått gjennom NOU 2010:14, og vi er særleg opptekne av kva ei endring i mediestøtta kan få å seie for bruken av nynorsk i media.

Manglande vurdering av språkpolitiske mål for mediepolitikken
Utgreiinga refererer fleire stader til språkpolitiske mål for mediepolitikken.

I kapittel 3.1 refererer utgreiinga til dagens overordna mål for mediepolitikken, slik dei er definert i St.prp. nr. 1. Mellom desse måla er òg språkpolitiske mål:

Regjeringen vil stimulere til mangfold og kvalitet i norske medier. Dette er nødvendig for at mediene skal kunne tilby troverdig informasjon som ivaretar behovene til alle grupper i vårt samfunn. Norskprodusert innhold som reflekterer norsk språk, <…> er viktig i denne sammenhengen.

I kapittel 3.2 syner utgreiinga korleis språkpolitiske mål har vore ei viktig årsak til dagens overordna mediepolitikk. Dette ser ein òg att i kapittel 3.6 (punkt 1)

I kapittel 4.4 syner utgreiinga korleis språkpolitiske mål, ”et ønske om å beskytte norsk språk”, var ein sentral grunn til at trykte publikasjonar (aviser, bøker og utvalde tidsskrift) fekk fritak frå meirverdiavgift.

Utgreiinga har likevel ikkje noka vurdering av korleis noverande eller nye rammer for mediestøtte (fremja i utgreiinga) sikrar språkpolitiske mål for mediepolitikken.

Noregs Mållag meiner at konsekvensar for norsk språk må takast med når departementet no skal lage ei heilskapleg vurdering av korleis økonomiske verkemiddel skal brukast på medieområdet, med tanke på å nå språkpolitiske mål. Det trengs difor ei tilleggsutgreiing for å få fram moglege språkpolitiske verknader av dei framlegga utvalet har lagt fram. Mellom anna bør det vurderast korleis omfordelingsalternativet og andre støtteordningar kan slå ut for ulike aviser etter redaksjonell målform.

Språkpolitiske mål for mediepolitikk og mediestøtte i framtida
Noregs Mållag meiner at norsk mediepolitikk må ha som eit av fleire mål å ivareta og styrke norsk språk, og at ordningar for mediestøtte må spegle dette. I tråd med gjeldande språkpolitikk, som stadfesta i Stortinget si handsaming av Stortingsmelding 35 (2007–2008) Mål og meining, må omsynet til nynorsk sikrast.

Ein nynorskpott i mediestøtta
Noregs Mållag vil at departementet i si oppfølging av utgreiinga særleg ser på framlegget frå Nynorsk kultursentrum om ein eigen nynorskpott som svarar til 25% av den samla pressestøtta.

Særleg om riksdekkjande aviser som forbyr nynorsk på redaksjonell plass
Noregs Mållag har tidlegare peika på korleis momsfritaket i nokre tilfelle fungerer som eit indirekte statstilskot til språkdiskriminering. Dette gjeld særleg riksdekkjande aviser som forbyr nynorsk på redaksjonell plass.

Noregs Mållag ønskjer at det vert vurdert om riksdekkande aviser som ikkje har eit eksplisitt språkpolitisk definert føremål, bør miste momsfritaket dersom dei handhevar eit forbod mot å bruke eit av dei to offisielle norske målformene på redaksjonell plass.


Oslo, 18. april 2011


Håvard B. Øvregård /s/
Leiar, Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no