Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. MAI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Argument for og i mot sidemål

 (01.09.2011)

Argument for valfri sidemålsundervisning frå Høgrerepresentantar våren 2011.

Obligatorisk prøve i sidemålet vart innført i 1907. Fyrst i 1997 vedtok Høgre at partiet ville gjera den skriftlege sidemålsundervisninga valfri, og då berre i den vidaregåande skulen. I 2005 inkluderte dei også ungdomsskulen i standpunktet. Så seint som i 2003 var Høgre med på ein komitémerknad i Stortinget der dei mellom anna skreiv: ”Fleirtalet viser til at endringar i lovverket som fører til at sidemålsundervisninga i skolen vert gjort valfri, vil vere ei endring av norsk språkpolitikk. Fleirtalet ber Regjeringa sjå til at dei språkpolitiske målsetjingane om jamstilling mellom dei to målformene våre vert ivaretekne i utdanningssystemet.”

Åtte år seinare kan ein få inntrykk av at dei same overordna målsetnadene ikkje lenger krev sidemålsundervisning. Vi har sett nærare på korleis Høgre no argumenterer for det framtidige tospråklege samfunnet og jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Svara våre er understreka i teksten.

I Skandinavia har vi fire offisielle skriftlege former av skandinavisk, trass i at det ikkje trengst meir enn eitt skriftmål for området. Desse fire skandinaviske målformene er svært nærskylde, men samstundes sjølvstendige skriftmål – med kvar si litteraturhistorie, kvar si sosialhistorie og kvar sin grammatikk. Mykje av ordtilfanget i Skandinavia er felles, men dei fire sjølvstendige skriftspråka har òg sitt eige ordtilfang. Difor må vi omsetja mellom dei fire skriftspråka – trass i at dei er like og gjensidig forståelege, omset vi frå dansk til svensk, frå bokmål til nynorsk. Det vil seie at bokmål og nynorsk ikkje er ”to variantar av same språket”, men to nærskylde skriftspråk som er gjensidig forståelege, og som har mykje sams ordtilfang. For at eit skriftspråk skal bli eit reelt bruksmål i samfunnet, er det ein grunnleggjande føresetnad at alle får opplæring i språket, at dei lærer å lesa og skriva språket. Berre på den måten blir det mogleg for alle i samfunnet å kunna ta språket i bruk, på alle samfunnsområde.

Dårlig prioritering
– Vi mener det er en dårlig prioritering av politikerne å tvinge norske elever til å lære to versjoner av samme språk.
Unge Høgre, Under punktet ”Valgfritt sidemål” på heimesida deira: http://ungehoyre.no/politikken/aktuelle-tema/skole-og-utdanning.html

Ja, det er eit politisk spørsmål kva elevane skal læra i skulen. Og det har vore eit overordna mål for skulesystemet både her og i andre land å gje ungane ei felles språkleg, kulturell og historisk plattform i tillegg til standard basiskompetanse. Norskfaget har ei viktig oppgåve i å dekkja både dannings- og utdanningsmål, der heile den norske skriftkulturen har ein plass. Når politikarane kan “tvinga” elevar på ungdomstrinnet til å “kunne delta i utforskande samtalar om teater og film” og “å kunne vurdere estetiske verkemiddel i samansette tekstar henta frå informasjons- og underhaldningsmedium, reklame og kunst og reflektere over korleis lyd, språk og bilete påverkar oss”, bør det vera plass til dei to offisielle skriftmåla våre også.


Ikkje bruk for det 1
– I realiteten vil så godt som ingen bruke sidemålet sitt etter videregående. Da blir det for dumt at man gjennom hele ungdomsskolen og videregående skal bruke tid på å undervise i sidemålet.
Unge Høgre, under punktet ”Valgfritt sidemål” på heimesida deira: http://ungehoyre.no/politikken/aktuelle-tema/skole-og-utdanning.html

Den norske språksituasjonen, med ein mangfaldig skriftkultur med nynorsk og bokmål, og eit stort hjarterom for dialektbruk, er både særeigen og positiv. Vår språksituasjon gjev innsikt i norsk kultur- og språkhistorie. Dermed er nynorsk og bokmål noko vi skal læra på same måte som vi skal læra noko om 1814, 1905 og andre verdskrigen. Det er heller ikkje slik at sidemålet er svært tidkrevjande. I samband med forsøket i Oslo kom det fram at elevar som valde å ha tradisjonell sidemålsundervisning, i gjennomsnitt fekk 4 undervisningstimar i året. Det er i dag 114 kommunar, tre fylkeskommunar, 367 kyrkjesokn, eitt regionhelseføretak og over 81 000 elevar som bruker nynorsk. Klart ein får bruk for det.


Ikkje bruk for det 2
Bent Høie forklarte sin stemmegivning med at elevene skal slippe å lære seg noe de selv synes de overhodet ikke får bruk for. – Men dette signaliserer ingen nedbygging av krav til kompetanse om sidemålet, framholdt han.

Bent Høie, nestleiar i Høgre, til NTB etter landsmøtet i Høgre i mai: http://www.nationen.no/2011/05/08/politikk/hoyre/landsmote/nynorsk/utdanning/6615641/

Det er nokså rart å leggja framtidsidear til umogne ungdomar til grunn for ei alvorleg endring i norsk språk- og kulturpolitikk. Korkje Høie, Noregs Mållag eller elevane sjølve veit kva for arbeid dei kjem til å ha i framtida, for ikkje å seia kvar dei kjem til å arbeida. Og: Det er ikkje utenkjeleg at ungdomane blir meir mogne og endrar haldning til så vel språklæring som språkmangfald.


Kan lære det seinare, når ein treng det
– Eg trur det er fullt mogleg å lære seg ganske mykje nynorsk ved å lese det, ved å høyre det og ved å bli kjent med det, utan at ein har lært seg bøying av verb. Om du får behov for å kunne det skriftleg i ein framtidig jobb, så må ein lære seg det på same måten som ein lærer seg andre fag ein treng i ulike jobbar. Det må vere råd å plukke opp faget når ein treng det.
Intervju med Elisabeth Aspaker NT 3-11: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197&id=3352

Her argumenterer Høgre for at elevane skal læra seg faget, utan å læra seg faget - for så seinare å læra seg det etter at ein har kome i arbeid. Læringssynet ein kan trekkja ut, er at det er tidsnok å tileigna seg kunnskap når ein veit at ein har bruk for han. Høgre bør klårgjera om dette er eit syn som ligg til grunn for heile skulepolitikken deira, eller om det gjeld særskild for sidemålet. Gjeld det berre sidemålet, må vi få greie på kva vurderingar det byggjer på. Vi meiner at det er viktig at elevane vert presenterte for nynorsk alt i 4. klasse. Dette vil dermed gje elevane eit godt grunnlag for skriftleg undervisning på ungdomskulen og seinare i vidaregåande skule. Tidleg start og ei god opplæring i skulen for alle er nøkkelen til god allmennkunnskap i befolkninga.

Fokusere på det viktige i skulekvardagen
– Valfritt sidemål i grunnskulen handlar om å fokusere på det som er viktig i skulekvardagen. Høgre erkjenner at ein av fem elevar går ut grunnskulen utan å kunne lese eller skrive skikkeleg, då meiner vi det er tullete å tvinge elevar gjennom to versjonar av same språk.
Christopher Amundsen Wand, formann i Buskerud Unge Høyre, Hallingdølen, 28.05.2011 http://www.hallingdolen.no/meiningar/lesarbrev/article191390.ece

Mållaget meiner at alle elevar burde meistra lesing og skriving greitt når dei går ut av grunnskulen. Vi trur dei viktigaste tiltaka for å oppnå det, blir sette inn i småskulen og på mellomtrinnet. Det er flott at politikarane er opptekne av basiskompetansen hjå elevane, men litt urovekkjande at ein vil løysa desse utfordringane så seint som i siste halvdelen av ungdomsskulen. På det tidspunktet vil manglande lese- og skrivemeistring ha ført til store manglar også for innlæringa i dei andre faga. At tidleg innsats er det som skal til, er røynsler vi kan henta mellom anna frå grunnskulen i Finland. Denne kunnskapen har vore kjend lenge, og er flittig brukt av politikarar i andre samanhengar.


Aasen sitt mål er oppnådd
- Når skriftlig sidemålseksamen må avskaffes, er det først og fremst fordi vi ikke trenger det. Aasens mål er nådd for lengst i det radikale bokmålet. Det finnes en rekke muligheter å uttrykke seg på skriftlig som gir rom for stor språklig variasjon. Dessuten er gjennomføringen av sidemålseksamen både tilfeldig og svært urettferdig.

Ellen Ugland (H) leder av komite for oppvekst i Asker og 1. nestleder i Asker Høyre, Budstikka, 01.06.2011

Det radikale bokmålet er lite brukt og må difor oppsummerast som ein mindre suksess enn nynorsk (og moderat bokmål). Ivar Aasen sette seg mål om å laga eit skriftmål basert på talemålet der også grammatikken var mest mogleg konsekvent og etter norsk tradisjon. Det oppnådde han med nynorsken, og det er vanskeleg å forstå kvifor vi burde gå til det mindre brukte radikale bokmålet for å leita etter nokre av dei same kvalitetane.
At gjennomføringa av sidemålseksamen er tilfeldig og urettferdig er ikkje vårt mål. Kristin Clemet innførde trekkeksamen i 2004. Mållaget arbeidde heilt til dørlinja for at alle skulle prøvast (heilt rettferdig og ikkje tilfeldig), men tapte. På den andre sida er gjennomføringa av sidemålseksamen heilt på linje med prøvinga av mange andre fag i den vidaregåande skulen.


Valfridom for elevane
– I dagens Norge er kunnskap nøkkelen til suksess. Unge Høyre vil at kun det aller viktigste skal være obligatorisk i skolen og utover det skal folk selv få friheten til å velge hva de mener er interessant og viktig for den karrieren de vil følge.

Unge Høgre, Under punktet ”Valgfritt sidemål” på heimesida deira:
http://ungehoyre.no/politikken/aktuelle-tema/skole-og-utdanning.html

For Mållaget er kunnskap om og kompetanse i både nynorsk og bokmål blant dei sentrale emna i norskfaget. Det handlar om viljen til å gjere det som skal til for at Noreg kan bli verande tospråkleg. Om ikkje fleirtalet har vilje til å læra seg mindretalet sitt språk innanfor eitt og same samfunn, vil mindretalet over tid sjå seg pressa til å gå over til fleirtalsspråket. Ein kan ikkje på den eine sida gjera nynorsk til eit prosjekt som ikkje vedkjem storsamfunnet, og samstundes tru at eit slikt språkmiljø skal fostra t.d. sentrale forfattarar og dramatikarar med nynorsk bruksmål i framtida. Det er eit ærleg standpunkt at vi ikkje har bruk for nynorsk i Noreg, men det bør presenterast.Ungdomsskuleelevar avgjer sjølve kva valfag dei vil ha, utan godkjenning frå foreldra. Om ein skal ha sidemål eller ikkje, er eit val ein må ta det fyrste året på ungdomsskulen. (Unge) Høgre legg dermed heile berebjelken for den norske språkpolitikken i hendene på 13­åringar.


Elevane best til å velje kva dei vil lære seg
- Dei som vil kan naturlegvis lære seg sidemålet. Enkelteleven sjølv er også her den beste til å avgjere dette.Christopher Amundsen Wand, formann i Buskerud Unge Høyre, Hallingdølen , 28.05.2011
http://www.hallingdolen.no/meiningar/lesarbrev/article191390.ece

Sidemålsordinga gjev valfridom fordi alle får sjansen til å læra nynorsk og bokmål. Men: Kva slag valfridom vert det for nynorskbrukarar om obligatorisk sidemål vert fjerna? Kan ein nynorskbrukar velja å bruka nynorsk når ho skal skriva ein tekst saman med andre, som aldri har lært å skriva nynorsk? Om nokre år kan det vera vanskeleg å forventa at staten brukar både nynorsk og bokmål om det ikkje er ein del av felleskunnskapen frå grunnopplæringa. Og vil eigentleg nynorskkommunar og nynorskskular få «valfridom» ved tilsetjingar når berre eit mindretal har lært seg nynorsk på skulen. Sjølvsagt ikkje. Denne valfridomen vert sjølvmotseiande. På same måte som valfritt pensum, valfri karakter, valfri straff eller valfri skatt - alt saman valfridomar Høgre er imot.


Nynorskbrukarane må ta seg av nynorsken
- Ein kjem jo ikkje unna den fundamentale problemstillinga om kvifor elevane skal lære seg to skriftspråk så lenge alle i Noreg skjønar begge språka. Vegen til eit levande nynorsk språk, går gjennom dei som har det som hovudmål og som veks opp i dei områda av landa der språket er rotfest. Det er dei som er dei fremste til bere kvaliteten vidare.
Elisabeth Aspaker, stortingsrepresentant frå Troms, Norsk Tidend 3-11: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197&id=3352

For 50 år sidan sa motstandarane at nynorsk var ”fjøslatin”, ”ukulturell” og ”upassande i byen”. I dag er nynorsken ”unødvendig”. Her har det skjedd ei endring. Det er heilt rett at nynorskbrukarane (dei som har det som hovudmål) har eit viktig ansvar for nynorsken. For å halda språket levande over lengre tid, krevst det likevel gode førebilete og ein praksis i samfunnet som viser at nynorsk kan brukast over alt og til alt. Ser ein til utlandet, ser ein også at det er vanskeleg å finna døma på fleirspråksområde med god utvikling for det minst brukte språket, der fleirtalet ikkje er viljug til å læra seg mindretalet sitt språk. Korleis skal ein til dømes sikra god nynorskkompetanse hjå lærarar på nynorskskular dersom dei ikkje treng å ha nynorsk på skulen eller som studentar i lærarutdanninga? Folk flyttar på seg i dette landet og det er bra. Og det er ikkje ynskjeleg å sjå føre seg eit yrkesforbod i nynorskkommunar for bokmålsbrukarar. Etter nokre frå år vil det truleg gje dårlegare språkleg kvalitet for dei nye nynorskelevane i skulen.


Heller lære andre språk
- Eg har forståing for dei som spør kvifor me skal beherske to parallelle norske skriftspråk når me lever i den verda me lever i, der det er mykje viktigare, for t.d. norske arbeidsplassar, at me heller lærer oss eit framandspråk til. Uansett kva yrke ein endar opp med, så møter ein t.d. arbeidsmanualar på tysk eller engelsk. Så eg trur me må vurdere korleis me innrettar norskundervisninga i samsvar med den verda me lever i.
Elisabeth Aspaker, stortingsrepresentant frå Troms, Norsk Tidend 3-11:

I motsetnad til for tjue-tretti år sidan vert det i dag sett av god tid til framandspråksopplæring i barneskulen. Alt frå fyrste klasse, når elevane er seks år gamle, lærer dei sitt fyrste framandspråk - engelsk. Dette gjer elevane godt rusta til å bruka engelsk i studium og arbeidsliv seinare. Sidemålsopplæringa er ein del av norskfaget, og stel altså ikkje tid frå framandspråkopplæringa. Det er gjort forsøk på ein tjuetals ungdomskular og vidaregåande skular der dei har brukt nynorske lærebøker i andre fag enn norsk. Den eintydige erfaringa er at elevane lærer nynorsk på ein god måte, utan å setja av ekstra veketimar til dette.


Valfridom styrkjer nynorsken
Valgfritt sidemål vil faktisk kunne styrke nynorskens posisjon i det norske samfunnet, ettersom de elevene som er genuint interessert i nynorsk kan velge det, mens de elevene som er svært lite motivert for å lære nynorsk kan velge det bort. Rapporten fra Oslo viser det samme: Elevenes holdninger til nynorsk ble forbedret når de ikke ble tvunget til å skrive det.Valgfritt sidemål er med andre ord ikke et angrep på nynorsk eller bokmål – det er en vinn-vinn situasjon for alle.
Peter Christian Frølich, leiar i Bergen Unge Høyre, byavisen.net, 24.05.2011
http://byavisen.net/2011/05/meninger/svar-til-oddny-miljeteig-alle-vinner-med-valgfritt-sidemal

Dette er ein påstand som nok står like sterkt i alle fag. Dei interesserte elevane kan velja ulike fag, dei lite motiverte kan velja dei bort. Med ei slik ordning ville norsk skule fløyma over av gode karakterar og positive haldningar. Vi baserer ikkje skulepolitikken på slike prinsipp. Eit skulesystem der ein overlet til tenåringar å avgjera kva dei vil bruka tid på å læra seg, er eit system som forsterkar skilnader mellom elevane. Dei som tykkjer skulefaga er vanskelege og i liten grad kan få hjelp til heimearbeidet, vil truleg velja lettare utvegar gjennom utdanningsløpet enn dei som tek faga lett og får mykje hjelp heime. Det er lenge sidan dette var norsk utdanningspolitikk. Ikkje å læra fleirtalet av norske elevar nynorsk, kan aldri bli ein vinn-vinn-situasjon for nynorsken. Det sentrale spørsmålet er om storsamfunnet gjennom praksis og utdanning også for framtida skal verdsetja både nynorsk og bokmål slik at alle har like rettar. Det svarer ikkje Høgre på gjennom retoriske krumspring om valfridom.


Bidrar til å styrkje nynorsk
– Men jeg tror ikke akilleshælen til nynorsken er rollen som sidemål. Det viktige for nynorsken er å bli sterkere som hovedmål. Og det bidrar vårt forslag til, sier han ifølge Varden på nett.

Torbjørn Røe Isaksen, stortingsrepresentant frå Telemark, 09.05.2011 http://www.varden.no/nyheter/vil-fjerne-sidemalet-1.6219550

Det er ingenting som peikar mot at nynorskelevane hadde vore betre i hovudmålet sitt dersom dei ikkje hadde fått opplæring i bokmål. På den andre sida hadde dei truleg vorte langt betre i hovudmålet sitt dersom alle som skal og bør bruka nynorsk i andre samanhengar i samfunnet, hadde gjort det. Daglege språkbad fungerer utruleg effektivt, det ser vi på kor gode nynorskelevane er i bokmål. Nynorske artiklar i Dagbladet og VG ville åleine gje nynorskelevane langt meir nynorskpåverknad enn den eine norsktimen som ein gong i blant er om og på bokmål. Ynskjer Røe Isaksen å gjera noko der det nyttar mest?


Betre i hovudmålet 1
- Høyre er et moderne parti som ser framover, men også et parti som tar vare på vår kulturarv og tradisjoner. Derfor mener vi at det styrker norskfaget om det blir frivillig å lære begge målformene. Mer tid til hovedmålet vil styrke elevenes norskkunnskaper, samtidig som vår kulturarv vil bli ivaretatt gjennom undervisning i norsk språkhistorie, mener Molberg.
Anna Molberg, leiar i Hedmark Unge Høyre, Glåmdalen, 08.06.2011

Utgangspunktet for obligatorisk sidemålsopplæring er at kunnskapen om nynorsk og bokmål skal vere allmenn. Det dannar i sin tur grunnlaget for jamstelling mellom dei to skriftspråka. Å fjerna obligatorisk sidemål trugar grunnlaget for jamstelling, det er ikkje berre tale om skulepolitikk. Det dreier seg om ei alvorleg endring av språkpolitikken. Ei endring som vil få følgjer for dei kring 500 000 personane og over 81 000 elevane som bruker nynorsk til dagleg.


Betre i hovudmålet 2
- Hovudargumentet vårt er at norske elevar slit med å skrive hovudmålet sitt godt. Me trur det ville ha vore betre om dei kunne få lov å konsentrere seg om hovudmålet skriftleg.

Elisabeth Aspaker, stortingsrepresentant frå Troms, Norsk Tidend 3-11

Det er lite som tyder på at det er sidemålsopplæringa som er årsaka til at elevane slit med å læra seg hovudmålet godt. Derimot er det viktig at elevane får mykje og god skrivetrening i norsktimane. Klar karakterforbetring- Nei, jeg gjør ikke det. Dette er skuffende, spesielt med tanke på at en forsøksordning gjennomført i Oslo i årene 2004 - 2007 viste at de svakeste elevene, samt elevene i mellomsjiktet opplevde en klar forbedring av sine ferdigheter i hovedmål. At politikerne i Nordland ikke viser vilje til å prøve noe tilsvarende mener jeg er å svikte elevene i skolen, sier Marius Hansen til VOL.
Marius Hansen, leder Unge Høyre i Nordland, Vol.no, 09.06.2011 http://www.vol.no/nyheter/article460770.ece?service=iphone

Det er sant at ein del av forsøkselevane fekk noko betre karakter i hovudmål, i gjennomsnitt 0,14 poeng. I oppsummeringa i rapporten konkluderer ein med at det kunne dei ha fått uavhengig av om dei hadde fritak for sidemål, og dei skriv mellom anna: “Det som er mest slående når vi ser virkemidlene i forhold til at elevene kunne velge bort undervisning og vurdering i skriftlig sidemål, er at ingen av virkemidlene forutsetter at elevene velger bort skriftlig sidemål. Det er fullt mulig å kombinere opplæring i skriftlig sidemål med vektlegging av skriveferdigheter i alle fag, bredere krav til innhold i de skriftlige arbeidene, utprøving av skrivemapper og mappevurdering, kompetanseutvikling av lærere, systematisk trening i bruk av lesestrategier og økt stofftilgang.”


Meir positive elevar
Hun mener derimot at nøkkelen til et levende nynorsk, er et styrket norskfag.– Det innebærer valgfri undervisning i nynorsk grammatikk, og mer fokus på nynorsk litteratur i Oslo-skolen. Dette vil ikke bare gjøre elever mer positive til nynorsk, men det vil også gjøre elever flinkere i hovedmålet sitt. Dette viser også prøveordningen i Oslo fra 2004-2007, sier Tybring-Gjedde.– Oslo-elevene fant glede i både nynorske verker og nynorsk som skriftspråk. Dette gjaldt spesielt de elevene som allerede slet med hovedmålet sitt. De fikk rett og slett lyst til å lære mer, og det må være et mål i all skolepolitikk!
Mathilde Tybring-Gjedde i Oslo Unge Høyre, dittoslo.no, 17. juni 2011http://dittoslo.no/nyheter/nynorsk-livredning-ikke-utrydning-1.6310522

I rapporten frå NIFU-Step om det såkalla “oslo-forsøket”, skriv NIFU-Step dette:“Forestillingen om at man kan bli bedre i hovedmålet ved å omdisponere tidsressursenebygger på tre forutsetninger om tidsbruk i norskundervisningen, nemlig at man bruker mye tidpå å lære skriftlig sidemål i dag, at man ikke bruker nok tid på hovedmålet og at tid brukt påden ene målformen går ut over læringsutbyttet i den andre. I intervjuundersøkelsen mednorsklærerne, som ble gjennomført midtveis i forsøket, ble det bemerket at forestillingen om atman bruker mye tid på sidemålet til dels bygger på en misforståelse. Det er kanskje ikke så myetid som kan frigjøres. Forestillingen om at tidsknapphet er et vesentlig hinder for å nålæringsmålene i norsk, er også problematisk. Norskfagets innhold, undervisningens kvalitet,pedagogiske virkemidler og elevenes motivasjon er vel så relevante som forklaringsfaktorer.Endelig er det langt fra selvsagt at tid brukt på å lære å skrive nynorsk bare vil ha en negativeffekt på læring av bokmål. At læring av en målform kan berike den andre målformen er ikkeutenkelig.”

Meir positivt syn på nynorsk
– Jeg vil at elevene i Oslo skal bli bedre i sitt hovedmål. Derfor ønsker jeg at skriftlig sidemålsundervisning skal bli valgfritt på videregående. Vi gjennomførte et liknende forsøk i mindre skala i perioden 2004-2007, og det viste seg at elevene fikk et mer positivt syn på sidemålet. Dermed fikk vi til noe målbevegelsen aldri har klart; å skape mer positivitet for nynorsk i osloskolen, sier Ødegaard.
Andreas Strandskog, leiar i Oslo Unge Høyre og utdanningsbyråd Torger Ødegaard (H), dittoslo.no, 02.06.2011http://dittoslo.no/nyheter/nynorsk-bor-bli-valgfritt-for-alle-mener-hoyre-1.6279322

Elevane vart meir positive til eit fag dei slapp å prøvast i; eit fag som langt på veg bestod av forfattarbesøk, teaterturar og anna “forsøks”undervisning. Ein satsa på nye undervisningsformer, tettare oppfølging av elevane og kompetanseheving for lærarane. Det ville vore underleg om elevane ikkje vart positive av ei såpass tydeleg satsing på eit fag. Då fylkestinget i Vestfold bad skulekontoret greia ut pedagogiske fordelar med å gjera nynorsk sidemål valfritt for elevane i vgs, svara skulekontoret dette: “Det eneste vi kan komme fram til som er mulig å måle av et slikt forsøk, er elevenes generelle trivsel”


Vil blomstre
Jeg tror sidemålsopplæringen vil blomstre opp ved å gjøre skriftligdelen frivillig og motivere til læring på en ny måte. Elevene skal selv kunne velge om de vil gå opp til eksamen i sidemålet. Høyres forslag er samtidig en oppfordring til lærerne om å tenke nytt om sidemålsopplæringen og tenke kreativt om hvordan de kan inkludere sidemålet i all opplæring.
Henning Warloe (H), stortingsrepresentant og medlem i kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen, Bergens Tidende - 20.05.2011

Det har teikna seg eit bilete av kva som må til for at elevane faktisk skal læra nynorsk, og samstundes unngå dei negative haldningane som gjerne følgjer med den tradisjonelle sidemålsundervisninga:
● Tidleg start: Nynorsk og bokmål er jamstelte heile tida, og erfaringane frå til dømes Haugtussa-prosjektet i Stavanger tyder på at elevane godt kan læra både nynorsk og bokmål parallelt heilt frå barneskulen. Så unge elevar har heller ikkje nådd å få negative haldningar til nynorsk, og dei lærer framleis fordi det er kjekt – ein uslåeleg suksessfaktor.
● Nynorsk som bruksspråk: Erfaringane med å bruka nynorsk i eit anna fag enn norsk har vore vellukka mellom anna fordi elevane ser at nynorsk er eit bruksspråk, eit språk som det går an å læra på, samstundes som ein lærer sjølve språket. Å bruka nynorsk til å skriva og lesa tekstar om emne ein er interessert i er òg i seg sjølv både motiverande og lærerikt.
● Motiverte lærarar: Som i all anna læring har læraren svært mykje å seia for læringsutbytet, det er difor avgjerande viktig at alle lærarstudentar får opplæring i nynorsk og nynorskdidaktikk gjennom utdanninga si.


Skape goodwill for nynorsk
- Samstundes bør litteraturdelen i norskfaget styrkjast og då særleg med tanke på nynorsk litteratur. Eg trur det er viktig å skape ein goodwill for nynorsk, at bokmålselevane les og blir kjende med språket, men at det er dei elevane som har det som hovudmål, som skal bere dei kvalitative sidene ved nynorsken vidare.
Elisabeth Aspaker, stortingsrepresentant frå Troms, Norsk Tidend 3-11

Lesing er også viktig for å læra eit språk godt. Helst bør elevane lesa mykje nynorsk gjennom heile skuletida. Dette kan gjerast noko med gjennom det tekstutvalet lærebøkene presenterer. Ein treng ikkje ta bort den skriftlege undervisninga for å gje elevane eit godt litteraturtilbod. Høgre kjem ikkje med framlegg om å skapa “goodwill” for nynorsken innanfor rammene av obligatorisk sidemålsopplæring. Det hadde vore fullt mogleg dersom dei ynskte det. Nynorskbrukarane (dei som har det som hovudmål) har eit viktig ansvar for nynorsken. For å halda språket levande over lengre tid, krevst det likevel gode førebilete og ein praksis i samfunnet som viser at nynorsk kan brukast over alt og til alt. Korleis skal ein til dømes sikra god nynorskkompetanse hjå lærarar på nynorskskular dersom dei ikkje treng å ha nynorsk på skulen eller som studentar i lærarutdanninga? Folk flyttar på seg i dette landet, og det er bra. Og det er ikkje ynskjeleg å sjå føre seg eit yrkesforbod i nynorskkommunar for bokmålsbrukarar. Etter nokre år vil det truleg gje dårlegare språkleg kvalitet for dei nye nynorskelevane i skulen.


Meir kunnskap, ikkje mindre
Til sammenlikning er det er ikke like lett å lese spansk, kinesisk eller arabisk uten grundig opplæring i språket. Unge Høyre vil derfor innføre nye fremmedspråk fra et tidlig stadium på ungdomsskolen. Det bør vel være det endelige punktum for Miljeteigs utrolige påstand om at vi går til valg på kunnskapsløshet i skolen?

Peter Christian Frølich, leiar i Bergen Unge Høyre, byavisen.net, 24.05.2011 http://byavisen.net/2011/05/meninger/svar-til-oddny-miljeteig-alle-vinner-med-valgfritt-sidemal

Høgre går til val på ein skulepolitikk der dei argumenterer sterkt for valfridom når det gjeld sidemålsundervisninga. Samstundes argumenterer dei for innføring av ekstra obligatorisk framandspråk i grunnskulen ut frå ideala om kunnskapsskulen. Dei to synspunkta kolliderer. Det er ikkje valfridom i seg sjølv Høgre er for, slik ein kan få inntrykk av i debattane om norskfaget og sidemålet. Høgre er berre for at det skal vera valfridom på det eine punktet i norsk skule der dei har vurdert innhaldet i undervisninga til å vera utan verdi som allmennkunnskap. Den obligatoriske sidemålsundervisninga er ein grunnleggjande føresetnad for den norske språkpolitikken slik han er uttrykt i Stortinget. Høgre sitt synspunkt kan føra med seg negative endringar i den grunnleggjande jamstillinga og retten til eige språk for nynorsk- og bokmålsbrukarar. Dei endringane bør Høgre klårgjera og argumentera for slik at vi alle kan diskutera dei ope.


For mange får fritak til å kunna halde på kravet om nynorskkunnskap
- Kravet om at alle som skal søke jobb i offentlig forvaltning skal kunne begge målene, begynner også å bli ganske komisk. Etter hvert blir så mange som halvparten av de uteksaminerte fritatt og dermed ikke egnet for denne type arbeid. Da kan vi virkelig begynne å snakke om yrkesforbud i stat og kommune.

Ellen Ugland, leiar av komite for oppvekst i Asker og 1. nestleiar i Asker Høyre, Budstikka , 01.06.2011

Norsk skule har fornya seg, og det er ikkje lenger gjeldande politikk at flest mogleg skal få fritak. Der ein tidlegare til dømes fekk fritak om ein hadde ein utanlandsk forelder, skal fritaket no grunngjevast i den norskkompetansen eleven har/manglar. At nærmare halvparten av elevane får fritak i dag, er ukjende tal; dei vil vi gjerne ha dokumentert. Skulle det vera tilfelle, burde Høgre og Mållaget ha felles interesse i å få ned det talet, fordi det mellom anna speglar norskkunnskapane blant elevane. Det må vera viktigare å få opp norskkunnskapane enn å få gjennomslag for grunnleggjande endringar i den norske språkpolitikken som har som utgangspunkt at norskkunnskapane er for dårlege.


Enklare for lærarane
- Det å slå sammen karakterene i hovedmål og sidemål er mest for å gjøre det enklere for lærerne. Det gjør ikke faget mindre omfattende for elevene.

Siri Holm Lønseth, ungdomskandidat til fylkestinget frå Unge Høyre i Sør-Trøndelag, Adressa.no 26.06.2011
http://www.adressa.no/nyheter/sortrondelag/article1653184.ece

Å slå saman karakterane kombinert med at elevane ikkje blir prøvde i båe målformene til eksamen, gjer at det er opp til lærarane å avgjera om sidemål er ein viktig (nok) del av pensum til å bruka tid på. Manglande undervisning vil fyrst kome til syne når elevane skal over i utdanning eller arbeid der dei hadde hatt bruk for sidemålet. Når vi veit at ein del norsklærarar aktivt arbeider for å få fjerna sidemålet frå undervisningspensumet sitt, er vi uroa for at ein god del elevar får ei dårlegare norskopplæring med berre éin karakter.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no