I år fyller Norsk Barneblad 125 år. Norsk Barneblad er eit av dei eldste barneblada i verda. No i januar vert jubileumsboka om Norsk Barneblad lansert. I alle desse åra har mykje skjedd og den flotte illustrerte boka syner litt av alt som har skjedd sidan fyrste blad kom i 1887. Boka er kalla
«Skrinet med det rare i» og er den fyrste samla oppsummeringa av Norsk Barneblads mangeårige historie.
 |
| Bokomslag: Skrinet med det rare i |
Føredrag
Boka er skriven av Eirik Helleve. Han har også har sett saman eit spennande og underhaldande føredrag om Norsk Barneblad som lokallaga kan tinge. Føredraget vert illustrert med framvising av bilete, artiklar og blad frå alle desse 125 åra. Helleve er ein erfaren og god føredragshaldar, og saman med boka vil dette ha brei appell utover den vanlege mållagskrinsen.
For spørsmål om føredraget ta direkte kontakt på e-post
jymbre@gmail.com Ting boka
her.