Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. MAI 2013 Information in english


Nyhende Arkiv Nyhendebrev Nynorskstafetten Sidemål Mållaget meiner Landsmøte 2013 Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Barnehagekampanjen Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Klageportalen Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Mållaget veks med 535

 (29.01.2012)

Noregs Mållag opplever ei enorm støtte til nynorsken etter at det vart kjent på tysdag at Utdanningsdirektoratet kjem med framlegg om å svekkje sidemålsordninga i ungdomskulen og på vidaregåande skule. Den siste veka har over 535 medlemer meldt seg inn i Noregs Mållag.

– Det er veldig stas å få så mykje støtte frå så mange hald i denne saka. At over 535 folk har meldt seg inn i Mållaget, syner at mange meiner eit sterkt Noregs Mållag er viktig, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Aldri før har pågangen vore så stor på éi veke. Siste døgnet har talet auka frå 400 til 535 siste døgnet.

– Vi har ein jobb å gjere framover med å sikre ei god og slitesterk sidemålsordning, og eit norskfag lærarane er nøgde med. Til det treng vi både eit sterkt Noregs Mållag og at alle gode krefter arbeider saman, seier Håvard B. Øvregård. Han fortel at det er SMS-innmeldingstenesta som verkeleg har gått varm siste dagane.

Ved å sende NYNORSK til 2490 kan ein bli medlem for 200 kroner.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2013
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no