Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsksiger i Oslo

 (17.02.2012)

Onsdag denne veka stemte Oslo Bystyre ned eit framlegg frå Høgre og Frp om forsøk med valfritt skriftleg sidemål i osloskulen.

- Opplæring i skriftleg sidemål er avgjerande for nynorsk sin status i Noreg. Eg er glad for at hovudstadselevane framleis skal lære å skrive både nynorsk og bokmål, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

- I lys av sidemålsdebatten dei siste vekene, er dette vedtaket svært gledeleg, seier Håvard B. Øvregård. Høgre og Frp enda med å stå åleine om å ville ha forsøk med valfritt sidemål, medan dei andre partia kom med ulike framlegg for å styrkje sidemålskunnskapen hjå elevane. Mellom anna peika Arbeidarpartiet på betre kompetanse hjå lærarane og meir bruk av tekst på sidemål tidleg i skulen, og dei andre partia viste til at start med skriftleg sidemål alt i 8. klasse har ein klart positiv effekt på elevane sine haldningar til nynorsk sidemål.

- No bør Torger Ødegaard, byråd for kunnskap og utdanning, gjere ein innsats for at elevane i Oslo lærer meir sidemål, ikkje mindre, seier Håvard B. Øvregård.Noregs Mållag har fått over 1200 nye medlemer siste vekene, mange av desse frå Oslo.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Pressebilete: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no