Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. MAI 2013 Information in english


Nyhende Arkiv Nyhendebrev Nynorskstafetten Sidemål Mållaget meiner Landsmøte 2013 Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Barnehagekampanjen Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Klageportalen Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Heider til Søyland

 (04.05.2012)

Aud Søyland er blitt ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

Heidermedlem Aud Søyland. (Foto: Kjartan Helleve)


Aud Søyland (fødd 1954) har arbeidd med nynorsk på fleire felt gjennom mange år. Ho har vore sentral i utforminga av ein ny, moderne nynorsk slik han blir brukt av mange i dag. Ho har ikkje vore blant dei som har vore mest synlege i nynorskarbeidet, men gjer ein stor jobb i kulissane. Søyland er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg, har arbeidd med Nynorsk ordliste sidan 80-talet og vore sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011).

Aud Søyland er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg i dag, hovudsakleg innanfor faglitteratur. Sidan 1987 har ho arbeidd som frilans språkkonsulent med oppdrag for statsadministrasjon og forlag med språkkurs, språkvask, korrektur, omsetjing frå bokmål, svensk, dansk og engelsk til nynorsk.

I tillegg til arbeidet som språkkonsulent har ho arbeidd med Nynorsk ordliste sidan midten av 80-talet. Saman med Kåre Skadberg tok ho over redaktøransvaret for ordlista i 1999. Søyland var tilsett som konsulent i Norsk språkråd i tre år, før ho flytte til Valdres i 1987. Ho var også sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011).

Aud Søyland har vore engasjert i målsaka sidan ungdomsåra. I 1976 var ho leiar i Studentmållaget i Oslo, og i 1981–1982 var ho leiar i Norsk Målungdom. Ho har òg vore medlem av redaksjonen i Mål og Makt, og gjekk av som styremedlem og nestleiar i Noregs Mållag under landsmøtet i vår. Aud Søyland er initiativtakar til målprosjektet Målstreken i Valdres – eit treårig prosjekt for å finne ut kvifor så mange elevar går over frå nynorsk til bokmål, og for å motivere elevar med nynorsk som hovudmål til å halde på nynorsken.

Andre heidersmedlemmer i Litteraturselskapet: Jon Fosse, Kjartan Fløgstad, Arthur Arntzen og Guri Vesaas.
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget er ein kulturpolitisk interesseorganisasjon skipa i 1868. Hovudoppgåva er å leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgiving. Dei som tingar tidsskriftet Syn og Segn, er medlemmer i Litteraturselskapet. Skal ikkje bli forveksla med forlaget. Forlaget Det Norske Samlaget blei skilt ut som sjølveigande stifting i 1978.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2013
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no