Haustseminar på Lillehammer
(20.06.2012)
Det blir Haustseminar i Noregs Mållag laurdag 13. og sundag 14. oktober 2012. Seminaret blir på Birkebeineren Hotel & Apartments på Lillehammer.
Programmet for haustseminaret arbeider vi med å gjere klart. Det store emne vil vere norskfaget, og spørsmålet er korleis det bør sjå ut i framtida. Både politikarar og fagfolk til å svare oss på dette spørsmålet.
Dessutan skal vi snakke om Språkåret 2013, språkstafetten og korleis få meir nynorsk i det offentlege? Det vert også underhaldning og moro laurdag kveld, og vi trur absolutt det kan vere vel verdt turen til Lillehammer i oktober.
Praktisk og påmelding: Vi vil ha alt det praktiske klart til hausten, og då kjem det meir detaljert informasjon til laga. I august byrjar vi også å ta inn påmeldingar til seminaret.
Pris for seminaret: Deltakaravgift er 200 kroner Pris pr. person i enkeltrom frå laurdag til sundag inkludert mat: kr 1250,-
Påmeldingsfrist og fullstending prisoversyn kjem til hausten.
|
|