Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kva slags sidemålsordning treng nynorsken?

 (15.10.2012)

Margit Ims, norsklærar ved Kvitsund gymnas i Telemark og aktiv i Bø Mållag, held innleiing på Haustseminaret på Lillehammer. Dette er innleiinga hennar.

Takk for at eg fekk koma hit og vera med i dette viktige ordskiftet om kva slags sidemålsordning nynorsken treng. Det er eit viktig spørsmål som eg er opptatt av som lærar i norskfaget og som engasjert i mållaget. Men eg skulle ønskje at bakgrunnen for at vi tok denne diskusjonen var ein annan.

Kva viss situasjonen heller var slik at dei som deltok i ordskiftet om kva sidemålsopplæring vi treng delte oppfatning om at nynorsk er viktig? Hadde vi vore der, kunne vi no diskutert korleis vi kan gjera elevar betre i nynorsk – som hovudmål og sidemål – altså innhaldssida i opplæringa. Men fordi ikkje alle deler dette synet, er vi her igjen og må forsvare rammene: «Skal vi ha skriftleg opplæring?» «Skal vi ha vurdering?» Det i seg sjølv er uheldig for sidemålsopplæringa. Sett frå klasserommet, var runden i vinter og læreplanutkastet som no er ute på tur uheldig for sidemålsopplæringa og for nynorskelevane. Det at nokon skulle «våge å ta debatten» signaliserte igjen at rammene ikkje er på trygg grunn. Nokon synst ikkje nynorsk er så viktig at opplæring i to norske skriftmål er sjølvsagt. Både lærarar og elevar og foreldre oppfattar dette. Det gir støtte til allereie negative haldningar til nynorsk språk. Dette gjer arbeidsdagen som norsklærar vanskelegare, ikkje lettare og stel mykje tid.

Skulen eg arbeider på er ein internatskule i Vest-Telemark, mange elevar frå Telemark har bakgrunn med nynorsk opplæringsmål, vidare er det elevar frå heile landet med ulik språkbakgrunn. Eit Noreg i miniatyr. Her er alle klassar blanda, og ein får sjå kva sidemålsordninga er til for. Sidemålsordninga sikrar nynorsk stillinga som jamstilt språk i samfunnet. Erfaringa mi er at det gir meining for elevane at dei same språklege rettane skal gjelde for alle i klasserommet. Desse elevane skjønner noko det ser ut til at mange andre ikkje har skjønt.

Kva sidemålsopplæring treng nynorsken, er spørsmålet. I diskusjonen må vi hugse at nynorsk er meir enn éin ting. Nynorsk er meir enn ein deldisiplin innanfor eit fag. Nynorsk er svar på både eit kva og eit kven. Det dreier seg både om ein felles skriftkultur alle i Noreg skal ta del i. Og det dreier seg om ei gruppe menneske som har nynorsk som sitt språk. Både med fokus på nynorsken som felles språk og nynorsken som nynorskbrukarane meiner eg vi treng vurdering av kompetanse synleggjort som eigen karakter og at ulike kompetansmål for hovudmål og sidemål på vidaregåande er uheldig.

Utdanningsdirektoratet har no eit framlegg med lågare mål for kompetanse i sidemål enn hovudmål. Dei meiner det vil styrke hovudmålskompetansen til nynorskelevane. Å tru at ein kan reindyrke hovudmålsopplæringa for nynorskelevar ved å svekkje sidemålopplæringa er tvilsamt, og Utdanningsdirektoratet har ikkje dekning for dette. Tvert om er det grunn til å tru at lågare meistringsmål gjer at nynorskelevane gjer strategisk språkbytte undervegs i opplæringa. Det er òg grunn til å tru at det blir færre elevar som startar med nynorsk som første opplæringsspråk. I Bø, der eg bur, vel foreldra opplæringsmål. Per i dag vil det vera gode grunnar for å ha nynorsk som første opplæringsmål, jamvel om eleven bytter til bokmål seinare. Alle skal lære både nynorsk og bokmål, og dei som startar med nynorsk har betre føresetnader for å lære begge godt. Dei vil då få igjen for ekstrakompetansen dei får med seg. Dette vil kanskje ikkje lenger vera tilfelle dersom det er ulike kompetansemål i hovudmål og sidemål.

«For ambisiøst», seier Utdanningsdirektoratet. Målsetnaden om at elevar skal kunne skrive bokmål og nynorsk på same nivå er ikkje realisert. Det er det deskriptive biletet som vi alle kjenner. Udir gjer noko fiffig når dei argumenterer for at ein difor skal svekkje ambisjonane. Dei skriv «det er svært ambisiøst å krevje at alle grunnskoleelevar skal vere like gode i begge dei to norske målformene». Dei gjer her om kompetansemål til krav. Det er ikkje krav om at alle skal vera like gode i formverket i hovudmålet eller til å skrive retoriske analyser med omgrep frå antikken. Det er læringsmål. Til grunn for vurderinga ligg ulike nivå for meistring som kompetansen blir vurdert ut frå. Ikkje alle kompetansemål er like greie for alle, heller ikkje alle fag. For nokon er sidemål mykje enklare enn engelsk og matte. I alle fag stiller elevar med ulike føresetnader, og det krevst jobbing saman med god opplæring for å meistre faget på eit høgt nivå. At ikkje alle elevar vil meistre å skrive bokmål og nynorsk på same nivå er ikkje nokon grunn til å senke ambisjonen og kompetansemåla. Eigen karakter i hovudmål og sidemål vil nettopp synleggjera den ulike kompetansen. Det har samfunnet bruk for.

Når det er sagt, meiner eg ikkje at sidemålsordninga naudsynleg vera som ho er i dag. Men ingen av vurderingsalternativa til Utdanningsdirektoratet er aktuelle. Eg undrar meg over at det ikkje er fleire alternativ. Alle alternativa svekkjer statusen til nynorsken. Alternativet med standpunktkarakter og eksamen i sidemål etter VG2 kan sjå ut som ei grei løysing på papiret, men eg ser dette alternativet som problematisk av fleire grunnar:

Det svekkjer vilkåra for å vera nynorskelev i kvart einaste klasserom der nynorskeleven er i mindretal. Det er uklart kva språk undervisninga vil vera på i blanda klassar. Skal fokuset vera på hovudmål for fleirtalet i klasserommet, er det grunn til å tru at nynorskeleven får lite av hovudmålet sitt, stikk i strid med intensjonen. Ei slik løysing vil heller ikkje vera ei styrking av hovudmålet for nokon, truleg vil sidemålet få mykje plass eksamensåret for å sikre karakteren. God skriveopplæring får ein med jamnt skrivearbeid og mengdetrening over tid.

Eg trur òg at ordninga er tungvindt og vil få mykje motbør berre av den grunn. Det er ei heilt ny ordning som omrokkerer på heile tankegangen kring norskfaget og krev ei heilt ny organisering. Denne løysinga har ikkje særleg mykje for seg som ikkje kan gjerast betre med sluttvurdering siste året. Ein annan ting er at det bryt med tanken om eit heilskapleg norskfag, det er ikkje lagt fram gode grunnar for at visse kompetansemål skal knyttast til ulike språk. Ulogisk er det òg å avslutte skriftleg opplæring i sidemålet, anten det er bokmål eller nynorsk, før ein kjem til etableringa av ein moderne norsk skriftkultur knytt til bokmål og nynorsk i det heile.

Eg synst ei løysing med éin samla karakter dei to første åra med sluttvurdering i nynorsk og bokmål, som standpunkt og eksamen etter tredje året, er verdt å sjå nærare på. Vurderingsforma vil styre undervisninga og synleggjera kompetansen, samtidig vil ordninga gi rom for ulike vegar mot målet. Ein slik viftemodell kan nyttast både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Godt ordskifte!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no