Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vi feirar språkåret 2013!

 (02.01.2013)

Språkåret 2013 markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret vart skipa. Mållaget markerer jubileet med å reisa landet rundt med bil i fotspora til Ivar Aasen og visa fram nynorsken til små og store med kampanjen Nynorskstafetten.

Stafetten startar i Ørsta 28. januar og avsluttar i Bygland 19. oktober etter å ha vore innom minst 140 stader.

For Mållaget er det viktig at nynorskbrukarar kan bruka språket sitt over alt. I Språkåret vil vi på ulike måtar visa fram kor mykje nynorsken rommar og kor viktig han er for dei mange som bruker han ofte eller dagleg. Vi ynskjer at fleire skal skriva meir nynorsk, og vi ynskjer eit språkleg raust samfunn der flest mogleg ser gleda i og verdien av å meistra både nynorsk og bokmål.

Dei to skriftspråka og dei mange dialektane gjer språkmangfaldet stort innanfor det norske språket. Mangfaldet er ein ressurs som mellom anna gjer oss gode til å forstå svensk og dansk. Dess meir språk vi lærer, dess lettare lærer vi også endå fleire språk. At vi har både nynorsk og bokmål, er difor ein fordel for oss i språklæringa.

Følg med i Språkåret og la deg inspirera til meir språkkunnskap!

Beste helsing
Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag

Les meir om Språkåret 2013.
Artikkel på NRK Møre og Romsdal: Folket verdset nynorsken sin far

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no