Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkåret 2013 - frå tilskodar til deltakar

 (03.01.2013)

No er det i gang, Språkåret 2013! «Språkåret 2013 skal bli ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald», seier prosjektplanen for Språkåret.

«Alle har eit språk, og Språkåret vender seg til alle. Vi vil gjere tilskodarane til deltakarar.», står det òg. Dette kan kanskje verke litt merkeleg. Sjølvsagt har vi alle eitt eller fleire språk, og vi bruker språk meir eller mindre kvar dag. Men korleis kan dei påstå at vi er tilskodarar og ikkje deltakarar - enno?

Det er nok ikkje meininga at ein skal ta dette bokstavleg. Sjølvsagt deltek vi i samtalar og er språklege deltakarar. Men er dei fleste særleg bevisste på korleis dei bruker språket? Er ein bevisst på korleis andre bruker språket? Er ein bevisst på kor mange sosiolekter, dialekter og nærskylde språk ein høyrer rundt seg? Enn alle framandspråka? Berre det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i den norske kvardagen, står det i prosjektplanen for Språkåret. Er ein verkeleg interessert i språket på den andre sida? Språket til den eller dei andre? Eller er det nok at ein skjønner kva som blir sagt eller skrive, og så har ein nok med seg sjølv? Sidemålsdebatten i Noreg føregår til dømes mykje på dette planet: Eg skjønner jo kva som står der; korfor skal eg bruke tid på dette på skolen? Dette gjeld ikkje meg. Når det gjeld minoritetsspråklege, vil mange automatisk berre seie: snakk norsk!

Deltakarar deltek. Ein vel å involvere seg i teksten ein les eller høyrer; ein involverer seg i samtalepartnaren. Ein tilpassar seg. Kommunikasjon handlar om sendarar og mottakarar, og rollene skiftar vanlegvis relativt jamt i ein vanleg samtale. Det er vanskeleg å vere berre tilskodar. Men det er faktisk ikkje alltid så lett å vere ein aktiv deltakar. Er vi gode lyttarar? Er vi gode lesarar? Er vi eigentleg gode tilskodarar?

Å vere deltakar handlar om å ta ei rolle, men det handlar også om å gje andre ei rolle og å ha respekt for den andre. Språk på si side er viktig for å kunne formidle tankar, meiningar, haldningar; det handlar om å kunne uttrykkje seg overfor andre samfunnsmedlemmar, og det handlar om å delta aktivt i eit samfunn.

Noreg har ei litt spesiell språkhistorie. På grunn av den politiske situasjonen heilt tilbake frå mellomalderen og fram til 1814 og 1905 har ein hatt eit anna offisielt skriftspråk eller statsspråk enn det som var det eigentlege talemålet til innbyggjarane. Sjølv om mange etter fleire hundre år med dansk som skriftspråk aksepterte situasjonen, var dette skriftspråket samtidig ofte eit problem for andre. Det var ikkje alle som las like mykje, og det var ikkje alle som møtte dansktalande eller dansknorsktalande særleg ofte. Det var heller ikkje vanleg at «folk flest» kunne delta i politiske samanhengar.

Det som skjedde i Noreg, var på mange måtar eit resultat av både filosofi og politikk lenger sør i Europa; opplysningstida og den franske revolusjonen førde til at vanlege innbyggjarar etter kvart gjekk over frå å vere tilskodarar i eit monarki til å bli deltakarar i eit demokrati. Det er også desse hendingane som var utgangspunktet til Ivar Aasen. Som ein kan lese i prosjektplanen til Språkåret 2013: «Sjølve grunntanken bak landsmålet var å demokratisere språket og å gjere politisk deltaking mogeleg for folk flest. Denne ideen står seg godt 170 år seinare, og det er i ettertid mange som har fått lovfesta rett til å lære og bruke morsmålet sitt i ulike samanhengar. At språket er med på å mogleggjere demokratiet, er ein både krevjande og enkel idé, og her det mange viktige spørsmål Språkåret 2013 bør løfte fram. Den norske røynsla frå språkstriden gjennom 150 år er at kulturelle konfliktar kan løysast utan vald.»

Prosjektplanen meiner også at «Samanhengen mellom språk og demokrati finst på fleire plan. Demokratiet føreset av vi snakkar saman, at vi forstår det som blir sagt, at alle har høve til å delta i den debatten som føregår, at språket ikkje diskriminerer og at språk ikkje blir diskriminert. I 2013 er det hundre år sidan Noreg innførte allmenn røysterett, og året etter feirar vi 200-årsjubileum for Grunnlova. Språkåret 2013 bør ta mål av seg til å utfylle og utvide desse jubilea ved å peike på dei mange samanhengane mellom språket og demokratiet – ikkje minst i ein fleirspråkleg og fleirkulturell kontekst.»

Det er mange som kjem til å delta aktivt i Språkåret 2013 på ein eller annan måte. Lytt litt ekstra til kva samtalepartnaren din ønskjer å formidle; bruk litt ekstra tid på teksten du held på å lese; snakk om språk; problematiser, diskuter, filosofer, inkluder – delta, du òg.

JENS HAUGAN
Leiar i Hamar dialekt- og mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no