Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk bokdag i Stjørdal

 (08.01.2013)

Astrid Sverresdotter Dypvik (Foto: Hege Lothe)
Forfatterane Kjartan Fløgstad, Gudmund Skjeldal, Lars Amund Vaage og Astrid Sverresdotter Dypvik kjem til biblioteket i Stjørdal på laurdag. Dei skal lese frå eigne bøker under tilskipinga som er eit ledd i serien «Ivar Aasen kjem til Stjørdal».

Dette er eit samarbeid mellom Stjørdal Mållag, biblioteket og stiftelsen Fritt ord. Lars Moa i Stjørdal Mållaget, gler seg til forfattermøtet på laurdag ettermiddag.

– Dette er ei tilskiping som alle litteraturintesserte absolutt må få med seg. Fire av landets beste forfattare fortell om og les frå bøker som var mellom dei mest kritikarroste i 2012, seier Lars Moa til Stjørdalens Blad.

Forfattaren Lars Amund Vaage tek for seg sin eigen roman «Syngja». Astrid Sverresdotter Dypvik les frå eiga bok «Det var DDR, Forteljingar om eit nedlagt land». Kjartan Fløgstad snakkar om bok «Nordaustpassasjen», om skjebnen til to unge gutar i etterborgerkrigen i Spania og Gudmund Skjeldal tek for seg «Diktaren i bombeflyet – ein biografi om Nordahl Grieg».

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no