Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JANUAR 2018 Information in english

Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Solid medlemsvekst i Målungdomen

 (15.01.2013)

Norsk Målungdom passerte 1000 betalande medlemer under 26 år i 2012. Det utgjer ein vekst på over 25 % frå 2011.

– 1000-grensa er ein milepåle for organisasjonen. Det byrjar å verta nokre år sidan me låg stabilt på dette nivået, men no er me stolte over å vera tilbake dit – og me skal veksa vidare, smiler ein offensiv Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Kjærkomen støtte
– Målsaka er i bokstaveleg tala i vinden for tida. Me har møtt mykje motvind frå utdanningsstyresmaktene i spørsmålet om kva rolle sidemålsopplæringa skal spela i norskfaget, men me har sanneleg også mykje medvind frå vervande aktivistar og nyinnmelde medlemer, seier Vebjørn Sture.

Etter gjennomgangen av medlemslister og kontingentbetalingar for 2012, ligg det førebelse talet an til å verta 1012 betalande medlemer under 26 år. Medlemstalet skal stadfestast av revisor seinare i vinter. For å få statsstøtte lyt NMU som ungdomsorganisasjon ha 700 betalande medlemer under 26 år.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no