Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fritt språkval - ein illusjon?

 (15.01.2013)

Sunndal kommune og Nordmøre Mållag skipar til eit solid språkseminar torsdag 28. februar på Sunndalsøra. Nils Ulvund, leiar i Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag, står i spissen for tilskipinga og vonar at seminaret er med å fremje nynorsk som bruksspråk.

- Bakgrunnen for seminaret er at Nordmøre Mållag har arbeidd med å få fram verdien med den allsidige språkkulturen vi har på Nordmøre, fortel Nils Ulvund.

- Eit mål er at nynorsk skal bli enno meir synleg som bruksspråk. Språkåret 2013 gjer at seminaret er aktuelt i år. Elles ser vi at språk og språkbruk er aktuelt med ymse innfallsvinklar, seier Nils Ulvund, som har fått tak i ei lang og god liste med gode innleiarar.

Påmelding til Nils Ulvund, nils.ulvund@sunndals.net , tlf. 90 02 71 61 eller 716 98 288, helst seinast 21. februar. Skriv kven du representerer og kvar faktura for seminaravgifta (400 kr.) skal sendast.

Les meir om seminaret her: http://www.sunndal.kommune.no/Filnedlasting.aspx?MId1=708&FilId=2660

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no