Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Siste frist for å søkje på nynorskstipend!

 (17.01.2013)

Noregs Mållag lyser ut to stipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.

Føremål
Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemda ser særleg positivt på søknader som har som formål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.

Kriterium for tildeling
Ei kvinne og ein mann skal tildelast eit stipend à kr 50 000. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektbeskriving
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og eventuelt referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering
Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærmare avtale.

Frist for innlevering av søknad med prosjekskildring er 20. februar 2013. Send søknad og eventuell dokumentasjon til
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo

eller på e-post til dagleg leiar Gro Morken Endresen.

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend, i løpet av april 2013. Frist for innlevering av ferdig prosjekt er sett til 1. oktober 2013.

Styremedlemmer og tilsette i Noregs Mållag kan ikkje søkja stipendet.

For meir informasjon
Ta kontakt med Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag eller på telefon 917 73 157 (m).



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no