Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten klar til start!

 (24.01.2013)

Nynorskstafetten er Noregs Mållag si markering av Språkåret 2013. Måndag 28. januar tek Nynorskstafetten til i Ørsta og Volda. Han skal stogge over 140 stader i alle 19 fylke for å feire Ivar Aasen og nynorsk.

– Ivar Aasen skapte nynorsk ved å reise heile Noreg rundt for å samle inn norske ord og dialektar. I språkåret lagar mållag landet rundt ein nasjonal stafett for å feire det norske språket vi kan takke Ivar Aasen for. Nynorskstafetten er eit stort lyft for Noregs Mållag, og vi gler oss til å turnere over heile landet, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Opninga blir i Ørsta og Volda og der vil leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, delta. Måndag 28. januar klokka 9 vil tilsette i kommunane Ørsta og Volda, barnehageborn, elevar og studentar syngje den mest kjende songen av Ivar Aasen: Nordmannen, òg kjend som Mellom bakkar og berg.

Nynorskstafetten skal reise heile Noreg rundt med barnehagebesøk, skulebesøk, kulturkveldar, stand, møte med ordførarar, dialektkafe, skiløp, quiz og næringslivsbesøk. Etter å ha vore innom alle fylke , vert Nynorskstafetten avslutta 19. oktober i Bygland på Agder.

– Lokale mållag organiserer opplegget på kvar plass Nynorskstafetten kjem, så dette er verkeleg ein dugnad av målfolk i heile Noreg, seier Håvard B. Øvregård.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Pressebilete: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 578 65 360 / 926 48 348

Reiseruta er lagt ut på nettsidene, og der finn ein også det lokale mållaget.
Nettstad: www.nynorskstafetten.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no