Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Velkomen til nynorsk kaffi

 (25.01.2013)

Randi Blichfeldt og Terje Kjøde ønskjer alle velkomne til god nynorsk og gratis kaffi på Fugl Føniks.


Måndag startar stafetten i Volda og Ørsta. På Fugl Føniks i Ørsta får du gratis kaffi, te, kakao eller anna drikke mellom klokka 11 og 12. Ørsta Mållag spanderer.

- I tillegg til godt drikke med noko attåt får du høyre ein kort appell, du får høve til ein triveleg og intelligent prat om språk, litteratur og kultur, du får brosjyrar og anna materiell, melder Ørsta Mållag.

- Ja, du kan til og med få lov å melde deg inn. Du skal heller ikkje sjå bort frå at du får prøve deg på ein minikviss eller noko liknande. Og ikkje minst; du får ei triveleg stund. Då sest me kanskje, smiler Terje Kjøde, leiar i Ørsta Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no