Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Borge og Astrid framfører Gamle grendi

 (26.01.2013)

Astrid Margrete Hovde og Borge Skurtveit går begge på Hovden skule i Ivar Aasen si heimegrend. Måndag går dei saman med andre elevar frå skulen i fakkeltog for frå Aasentunet for å heidre nynorsken og sambygdingen sin.

Men før det skal dei under programmet inne i salen framføre Gamle grendi.

«Tidt eg minnest ein gammal Gard – med store tre og runnar – vollar, bakkar og berg og skard – og blomster på grøne grunnar osv.», nettopp på den garden og i det tunet som Ivar Aasen skriv om.

***
Program for opningsdagen i Ørsta måndag 28. januar:
Klokka 0830 Ordførar Rune Hovde tek mot Noregs Mållag og Ørsta Mållag på kontoret sitt.

Klokka 0900 er det samling på servicekontoret på rådhuset for å syngje Mellom bakkar og berg

Klokka 0910: Barnas Vel barnehage. Ei språkøkt med nokre av borna og samtale med ein del av personalet.

Klokka 1000: Blomar på statuane. Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, talar ved Aasen-statuen og Terje Kjøde ved Anders Hovden. Born frå Barnas Vel syng.

Klokka 1100-1200: Nynorsk gratis kaffi på Fugl Føniks.

Klokka 1215: Barnehagestyrarane har styrarmøte og Håvard B. Øvregård er med på møtet.

Klokka 1300-1430: Kunnskapstevling i kinosalen på Ørsta kulturhus.
Seks 10. klasser stiller med to deltakarar kvar. Varer om lag ein time. Premiar til alle, 100 kr til vinnarklassa. Programleiar: Jonas Bjørneset (17), leiar i Ørsta ungdomsråd og medlem Søre Sunnmøre Målungdomslag. Dommar: .Terje Kjøde. Om lag 140 tiandeklassingar vert publikum, og tilskipinga er open også for andre.

Klokka 14 - 16: Stand på Spinneriet i Volda.

Klokka 1730: Aasentunet- Kaféen er open frå morgonen av. Køyreplan:

Klokka 1730- ca. 1800/1810: Program i salen.
– Opning ved Dalane skulekorps og allsong
– Helsing frå Ørsta kommune ved ordførar Rune Hovde
– To elevar frå Hovden skule deklamerer Gamle grendi
– Helsing ved Håvard Øvregård
– Helsing Nynorsk Kultursentrum, truleg Gaute Øvereng
– Marie Lovise Widnes, barnesullar.

Klokka 1815: Fakkeltoget stiller opp.
Det kjem ein god del elevar frå Hovden skule. Kanskje også nokre frå barneskulane i sentrum. Ordføraren har oppmoda kommunestyremedlemmene om å stille. Me har oppmoda målfolk på Facebook og e-post. Oppskyting fyrverkeri. Marie Lovise skyt startskotet.

Toget går, og snur slik at det kjem sigande attende til tunet kl. 1840 til direkteopptak med NRK Møre og Romsdal TV. Når opptaket startar, syng me sterkt og unisont første verset av Nordmannen.

Takk til deltakarane. Pølse med brød, først til alle borna, så til dei vaksne i den grad det vert att noko.

Klokka 18 - 20. Dialektkafe på Mylnå i Volda sentrum

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no