Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

I Språkåret skal Mållaget spreie språkglede

 (28.01.2013)

Vi har nettopp byrja på Språkåret 2013. Det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og det er 100 år sidan den fyrste framsyninga på Det Norske Teatret. Året skal vere ei raus og inkluderande feiring av alle språk. Det vil vere eit tragisk paradoks om ein nett dette året svekkjer sidemålet og norskfaget i skulen. I staden bør vi bruke året til å styrkje alle språka og språkmangfaldet i landet.

Dette hjartesukket er eit svar på alle åtaka og utspela mot nynorsk i skulen siste året. Regjeringa skal i vår vedta ny plan for norskfaget, og noko før jul vart framlegget til revisjon sendt ut til høyring. I dette høyringsdokumentet er det fleire alternativ som vil svekkje og på sikt undergrave nynorsken si stilling i skulen og samfunnet elles.

Språket norsk er både bokmål og nynorsk. Begge er ein del av det språkmangfaldet som skal feirast i språkåret. Det er ei dårleg feiring å gjere opplæringa i nynorsk dårlegare. Noregs Mållag meiner difor at språkåret må brukast til å styrkje nynorsken sin status og plass i heile samfunnet, og særleg i skuleverket.

Striden no står mellom anna om eksamen og karakterar. Utan eigen karakter og eksamen i sidemål, vil nynorsk verte grovt svekkja som nasjonalt skriftspråk. Det er difor heilt avgjerande at norskfaget også i den komande læreplanen vert vurdert med karakter og eksamen både på ungdomssteget og i vidaregåande skule.

I tillegg til dette må den systematiske opplæringa i nynorsk som sidemål ta til mykje tidlegare enn i dag, og born må få møte opplesen nynorsk alt i barnehagen, før språklege fordommar har fått slå rot. Norsk må også få meir vekt både i barnehagelærar-, lærar- og lektorutdanninga. Det er på tide at regjeringa tek denne delen av norsk kunnskapspolitikk på alvor.

Noregs Mållag gled seg stort over Språkåret 2013, og vil bruke det til å auke kunnskapen om og interessa og respekten for alle språk. Dessutan kjem vi til å markere oss med ein Nynorskstafett i Ivar Aasen sine fotspor. Vi startar i Aasentunet i Ørsta 28. januar, og sidan går det slag i slag med godt humør landet rundt i fleire månader.

Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no