Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Mette Karlsvik

 (28.01.2013)

Mette Karlsvik får målprisen fordi ho har vore aktiv forfattar og journalist sidan 2005 og valde å skrive på nynorsk sidan debutboka. Det var romanen «Vindauga i matsalen vender ut mot fjorden», ei kort bok med eit sårbart tema, anoreksi. For den fekk ho Tarjei Vesaas‘ debutantpris.

Mette Karlsvik er fødd i 1978 og er oppvaksen med bokmål på Frei. Bakgrunnen som kunstnar er mangesidig. Dei to siste åra på vidaregåande var ho ved ein internasjonal skule i Fjaler. Seinare tok ho utdanning som biletkunstnar og journalist.

Etter debuten har ho skrive fleire romanar, noveller og essayistiske tekstar. Ho har vore vikarjournalist i fleire aviser. I 2011 fekk ho Sigmund Skard-stipend, vart nominert til Brageprisen og i 2012 vart ho den første som fekk Stig Sæterbakkens minnepris.

- Mykje kan tyde på at nynorsk har gjeve ho det verktyet ho trong for å utvikle seg som nyskapande diktar. Vi ønskjer Mette Karlsvik til lykke med målprisen, melder Nordmøre Mållag.

Prisen vart delt ut på Kryp, ei litterær tilskiping på Kristiansund bibliotek laurdag kveld.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no