Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

God opningsdag av Nynorskstafetten

 (28.01.2013)

I dag vart Nynorskstafetten opna i Ørsta og Volda. Det vart ein lang og hendingsrik dag, der både unge og eldre deltok.

Fyrst var det allsong av Nordmannen. NRK Møre og Romsdal var med då det var sunge på kommunehuset i Ørsta. Sjå NRK Møre og Romsdal.

Håvard B. Øvergård, leiar i Noregs Mållag, og Terje Kjøde, leiar i Ørsta Mållag, la blomar ved Ivar Aasen-statuen og Anders Hovden-statuen. I høve opninga av Nynorskstafetten fekk også Ivar Aasen ein stafettpinne i handa.

Det var mykje spennande som skjedde gjennom dagen. Ordførarmøte, kaffistund på Fugl Fønix, quiz for ungdomskuleelevar, stand på Spinneriet og dialektkafe i Volda. Og det heile vart avrunda med fakkeltog frå Ivar Aasen-tunet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no