Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

God språkopplæring

 (01.02.2013)

Ein tidleg start er avgjerande for å få god språkopplæring! Hadeland Dialekt og Mållag inviterar til ope møte måndag 18. februar om framlegget til ny læreplan i norsk, som er ute på høyring til 5. mars. Her vil mållagsmedlem Inger Lise Stieng gje oss ei innføring i endringane som Utdanningsdirektoratet gjer framlegg om, og kva som er bakgrunnen for desse endringane.

Noregs Mållag meiner den retninga som no er skissert, vil svekke nynorsk som offisielt språk i Noreg. Framlegget styrker ikkje nynorsken. Det som kunne vore ei storstilt satsing på tidleg start med nynorsk, er i framlegget frå Utdanningsdirektoratet til revidert læreplan i norsk redusert til vage formuleringar om lytting og lesing. Noregs Mållag meiner det er bra at båe språka får plass i læreplanen allereie frå 2. trinn av, men det er for lite og utydeleg.

Skriftleg opplæring i båe måleføre så tidleg som i 4. trinn, er det NM vil ha. Men i framlegget til læreplan som no ligg føre, skal elevane ikkje før i 7. trinnta til med å «prøve ut ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk». Med dei svake formuleringane om lesing i begge språk på dei tidlege trinna fryktar vi at opplæringa i realiteten kjem til å innehalde eit minimum av tekstar på nynorsk. Undersøkingar syner at bokmål- selevar på ungdomssteget som startar med nynorskopplæring tidleg, får meir positive haldningar til faget. Har du sterke meiningar om norskfaget?

For eit år sidan fekk mange av oss høyre Jan Terje Faarlund tale om forskning på språkutviklinga hos oss menneske. Faarlund er språkprofessor ved Universitetet i Oslo. Han understreka i sitt foredrag at forskninga viser at born er mest mottakelege for åtaoppisegnyespråkognye ord før dei kjem i puberteten. Men når eleven kjem i puberte- ten skjer det noko. Eleven kjem over i «puggestadiet». Då må språk puggast – og det er ikkje så spennande! Det seier seg sjølv at gleda og meistringsfølelsen ikkje blir like høg då, som medan eleven var yngre og haddelettare for å lære. Det viser kor viktig det er å kome tidleg i gang med opplæring i både nynorsk og bokmål.

Opplæring i framandspråk for småskuleelevar hadde vi forresten forsøk med her i Gran, på barneskulane Moen og Fredheim. Det blir spennande å sjå om nokre avforeldra til desse forsøkskaninane vil kome og dele sine erfaringar med oss!

Reidun Ramse Sørensen
Leiar i Hadeland Dialekt og Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no