Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kva skal vi med sidemålet?

 (06.02.2013)

Janne Nygård og Vebjørn Sture er aktuelle med pamfletten Kva skal vi med sidemål? der dei gjev skikkelege svar, og argumenterer for kvifor det å kunne både nynorsk og bokmål er viktig for elevane.


Torsdag 07.feb kl. 20:00, Olav H. Hauge, Litteraturhuset i Bergen.

Forfattarane møter politikarar og lærarar til debatt i Bergen om sidemålet sin plass i det framtidige norskfaget.
I tillegg til forfattarane møter Øystein Hassel - leiar i Bergen AUF, Erik Skutle - leiar i Hordaland Unge Høgre, Steinar Nørstebø - leiar i Hordaland SV og landsstyremedlem i SV, og Kjersti R. Solbu- dagleg leiar i LNU (Landslaget for norskundervisning).

Møteleiar Hilde Sandvik, debattredaktør i BT.
Arrangør: Samlaget og Bergens Tidende

Om boka: Kva skal vi med sidemålet?

Kvifor må elevar lære både nynorsk og bokmål? Denne pamfletten går rett inn i det vanskelege og viktige ordskiftet om sidemål. Dei unge forfattarane legg fram ein god og grundig argumentasjon for kvifor opplæring i begge dei norske språka er viktig, både for den enkelte og samfunnet.

Er norskundervisninga god nok? Og korleis burde norskfaget eigentleg sjå ut? Les om fordelane med å lære både nynorsk og bokmål, og korleis vi kan lukkast med det. Med bidragsytarar som Øystein Vangsnes, Gunnar Skirbekk og Eli Bjørhusdal tek pamfletten føre seg både den faglege og den politiske sida ved spørsmålet.

Denne boka er både for dei som berre vil ha svar på kvifor vi har sidemål i skulen og for dei som leitar etter harde fakta og gjennomtenkte resonnement.



Vebjørn Sture (1987) er møbelsnikkar og leiar i Norsk Målungdom. Janne Nygård (1989) er student, redaksjonssekretær i Syn og Segn og nestleiar i Noregs Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no