Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei nye vurderingsordninga vil vere ei svekking av dagens sidemålsordning

 (06.02.2013)

Slik dei nye vurderingsordningane for norskfaget er føreslegne i høyringsbrevet frå Utdanningsdirektoratet, svekkjer dei sidemålsundervisninga sin plass i skulen. Ingen av dei nye vurderingsordningane som Utdanningsdirektoratet har sendt ut på høyring, har eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen, og alle ordningane har bytt ut standpunktkarakteren til fordel for ein eksamenskarakter.

Etter eit år med mykje uro og debatt om vurderingsordningane i norsk, har no Utdanningsdirektoratet sendt revisjonen av norskfaget på høyring. Noregs Mållag har no gått gjennom revisjonen og framlegget til nye vurderingsordningar.

I revisjonen har Utdanningsdirektoratet føreslege tre heilt nye vurderingsordningar. Ingen av dei har eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen, to av dei erstattar dagens standpunktkarakter med ein eksamenskarakter og ein vil teste både hovudmål og sidemål i same eksamen, med felles karakter.

For Noregs Mållag er det å oppretthalde statusen og undervisninga i sidemål viktig. Undersøkingar syner at alle reduksjonar i krav eller fjerning av vurdering i sidemål fører til lægre sidemålskompetanse. Difor er Noregs Mållag skeptisk til ei ordning utan vurdering og karakter i sidemål; det vil vere ei klår svekking av sidemålsopplæringa.

Likeins er Mållaget skeptisk til ordningar som fjernar standpunktkarakterar til fordel for eksamenskarakter. Dei positive konsekvensane av standpunktkarakter er ei breiare prøving av kompetansemåla i læreplanen enn ein eksamenskarakter gjev. Standpunkt og eksamen har heilt ulike funksjonar, og å fjerne den eine til fordel for den andre vil svekkje prøvinga og dermed òg statusen og plassen til sidemålsundervisninga i norskfaget.

Noregs Mållag er glad for at ein no har lukkast med å stramme opp norskfaget som hadde vorte for omfangsrikt. Likevel meiner me revisjonen ikkje i like stor grad har lukkast med å gje elevane ei betre grunngjeving for sidemålsundervisninga slik kunnskapsminister Kristin Halvorsen har etterlyst.

Noregs Mållag er svært oppteke av at sidemålsopplæringa også får ei djupare grunngjeving som tek utgangspunkt i den fellesskapen den norske tospråkstoda gjev, og dei pliktene det fører med seg å vere eit fleirspråkleg samfunn. Opplæring i både nynorsk og bokmål er heilt avgjerande for nynorskbrukarane sine språklege rettar. Utan god opplæring i begge språka vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt overalt i den norske ålmenta.


For fleire kommentarar:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Janne Nygård, nestleiar i Noregs Mållag, 916 16 637
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no