Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektfest i Fredrikstad

 (07.02.2013)

Litteraturhuset Fredrikstad/Østfold feirer Språkåret med ein dialektfest. - Å ærbe for å styrke østfoldidentiteten og dermed dialekten, er bælviktig for oss, skriv litteraturhuset på heimesida si.

Frå 7. til 10. mars blir det difor dialektfest i Fredrikstad, ”Prækes”. Mellom anna skal Fredrikstad Blad kome med ei heil utgåve på Fredrikstaddialekt.

– Nettsidene og programheftet til Litteraturhuset i Fredrikstad har òg allereie innlegg om arrangementa, på dialekt og nynorsk. Eit gjennombrot, vil eg meine, for folkemålet i "vanleg bruk" i Fredrikstad, seier Magne Aasbrenn i Fredrikstad Mållag.

Mållaget står ansvarlege for den fyrste tilskipinga: ein kveld og eit møte med dikta og stemningane frå Olav H. Hauges forfattarskap. Bodil Cappelen, enkje etter Hauge, kjem og les utvalde dikt av Hauge. Knut Hamre skal spele hardingfele. Stefan Andreas Sture, tidlegare redaktør for medlemsheftet til Venelaget Olav H. Hauge held ei innleiing om forfattaren.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no