Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tett program i Stjørdal

 (07.02.2013)

Prosjektet «Ivar Aasen kjem til Stjørdal» rullar vidare. Utover våren kjem mellom andre Linda Eide, Kari Stai og Tom Roger Aadland til Stjørdal bibliotek.

Det Fritt Ord-støtta samarbeidsprosjektet mellom Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek, «Ivar Aasen kjem til Stjørdal», held fram utover vinteren og våren etter at det første arrangementet i 2013, Boklaurdag med Kjartan Fløgstad, Astrid Sverresdotter Dypvik, Gudmund Skjeldal og Lars Amund Vaage, vart ein kjempesuksess med 110 tilhørarar. Utover våren blir det fleire godbitar:

Laurdag 2. mars kl. 15: «Tale på trænet» - ein monolog basert på Olav Duuns «Medmenneske» av og med skodespelaren Ragnhild Vannebo saman med saksofonisten John Pål Inderberg. Monologen opnar med ein presentasjon av Tale før ho, som hos Duun, set seg på toget sørover for å hente heim Ragnhild etter tukthuset.
Ei plakatutstilling om Olav Duun vil stå utstilt i biblioteket heile veka før framsyninga.

Torsdag 14. mars om dagen: Brageprisvinnar Kari Stai møter inviterte barn frå barnehage og småskole og fortel frå bøkene om Jakob og Neikob.

Torsdag 21. mars kl. 19: Konsert med låtskrivaren, tekstforfattaren, songaren, gitaristen og Bob Dylan-gjendiktaren Tom Roger Aadland som syng songar frå CD’ane «Blod på spora» (gjendiktinga av Tom Dylans «Blood on the Tracks»), «Det du aldri sa» og «Fløyel og stål».

Torsdag 18. april kl. 19: Lyrikkdebutanten Kaisa Aglen les frå diktsamlinga «Kvar i kroppen sit ingenting», og Svanhild Salberg les dikt frå eit langt liv som ordkunstnar.

Fredag 3. mai kl. 16: I samband med at Nynorskstafetten til Noregs Mållag besøker Stjørdal denne dagen, kjem den folkekjære programleiaren i NRK-programmet «Norsk attraksjon», Linda Eide, og fortel om og les frå boka «Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dagar».


Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no