Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ryddesjau i sidemålsdebatten

 (14.02.2013)

Kvifor må elevane lære både nynorsk og bokmål i skulen?

Janne Nygård og Vebjørn Sture ryddar i sidemålsskapet. (Foto: Kjartan Helleve)

Vebjørn Sture og Janne Nygård har prøvd å rydde i argument og påstandar og samla alt i pamfletten «Kva skal vi med sidemål? Argument og fakta». Debattboka er mynta på alle som har lyst til å vite meir om sidemålsdebatten, og prøver å gi litt grundigare svar enn det som kjem fram på debattmøte og i lesarinnlegg. Det blir ofte for knapt.

– Sidemålsdebatten skjer ofte i ei kjapp form, og for dei som ikkje kan så mykje frå før, kan det hende dei ikkje blir så mykje klokare av det. Derfor har vi prøvd å gi ein meir fullstendig argumentasjon i staden for «fem kjappe grunnar», seier Nygård, nestleiar i Noregs Mållag.

– Og så har vi prøvd å ta tak i ein del av dei påstandane og spørsmåla som vi ofte møter i debattar, både om nynorsk og sidemålsordninga.

Påstandar og argument
Saman med Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, går ho i boka laus på vanlege påstandar som «eg kjem ikkje til å få bruk for nynorsk», «sidemålsopplæring stel tid og krefter frå resten av norskfaget» og «elevar vert flinkare til å lese og skrive om dei får konsentrere seg om hovudsvarermålet sitt» og prøver å plukke frå kvarandre det dei ser som meir fordomsfulle innlegg i debatten.

Under samleoverskrifta «Tilleggsammunisjon» har dei dessutan fått Øystein Vangsnes, Gunnar Skirbekk og Eli Bjørhusdal til å skrive kvart sitt stykke om dei faglege og politiske sidene ved sidemålsundervisninga.

– Mange av spørsmåla er slike som vanlege folk aldri har fått svar på. Eit viktig mål for boka er derfor å gi ordentlege svar på ting som vi veit at mange lurer på. Forhåpentleg kan det få noko å seie for korleis folk tenkjer om sidemål, seier Vebjørn Sture.



Hallvard Østrem/NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no