Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sylfest Lomheim på Toten

 (21.02.2013)

Om lag 70 totningar møtte fram då den tidlegare direktøren i Språkrådet tala om stadnamn som kulturberarar.
- Dei gamle stadnamna, slik dei er nedervde i munnleg tale, er av dei aller eldste kulturminna vi har, sa Sylfest Lomheim.

Skal vi forstå desse kulturminna, lyt vi ta utgangspunkt i den tradisjonelle uttalen, som kan ha meir enn tusen år gamle røter, og ikkje i tilstasa og fordanska skrivemåtar frå dei siste 200-300 åra. Dei som skreiv på 16- og 1700-talet hadde liten eller ingen kunnskap til norske språk og namnekultur. Skrivemåtar frå denne tida kan vera så forvrente at namna mista den opphavlege betydninga si.

- Stadnamn er felleseige og det må vera det offentlege som avgjer korleis stadnamn skal skrivast, sa Lomheim. Det er annleis med familienamn som har utgangspunkt i eit stadnamn. Den enkelte bestemmer sjølvsagt korleis han vil skrive familienamnet sitt.

Møte med Sylfest Lomheim vart arrangert av Toten dialekt- og mållag i samarbeid med Østre Toten folkebibliotek, og var ein del av 10-årsmarkeringa for biblioteklokala på Lena.



Toten dialekt- og mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no